Vedtekter
Føretaket sitt namn er Finnås Kraftlag SA (§1) Finnås Kraftlag SA er eit allmennyttig samvirke med skiftande medlemstal og kapital.
Føremålet til selskapet er å
- fremja interessene til innbyggjarar og verksemder i konsesjonsområdet,
- eiga, byggja og driva anlegg for energiforsyning,
- omsetja elektrisk energi,
- produsera energi eller delta som eigar i produksjonsanlegg,
- eiga, byggja og driva breibandsnett og andre elektroniske kommunikasjonsløysingar,
- driva, yta midlar til eller delta i anna verksemd med naturleg tilknyting til føremålet,
- delta i tiltak med allmennyttige føremål i kraftlaget sitt konsesjonsområde,
- yta gåver til tiltak med allmennyttige føremål i konsesjonsområde. (§2)
Medlemskapen skal lyda på namn og fødselsdato eller føretaksnummer. Medlem kan vera personar som er folkeregisterførte i Finnås Kraftlag sitt konsesjonsområde og alle organisasjonar/verksemder som kjøper varer eller tenester frå laget.
For eigarar av partar som er erverva før 01.10.2010, gjeld ikkje kravet om å vera folkeregisterført i konsesjonsområdet. (Utdrag frå §4)
Medlemsinnskotet i Finnås Kraftlag SA er kr. 300,-. (§5)
Finnås Kraftlag SA skal ha eit styre med sju medlemer og fire varamedlemer. Årsmøtet vel seks styremedlemer og tre varamedlemer i rekkje. Ein styremedlem med personleg varamedlem skal veljast av og mellom dei tilsette i kraftlaget. (Utdrag frå §8)
Vedtektsendringar: Årsmøtet kan med to tredelars fleirtal av dei avgjevne røystene gjera vedtak om å endra vedtektene. For å vera gyldige må vedtektsendringar vedtakast av to årsmøte som også kan vera ekstraordinære årsmøte. (Utdrag frå §12)