piggisolator

Mellom anna skal internkontrollsystemet innehalda rutinar for å sikra at relevante forskrifts- og normkravd vert etterlevd.

Tilsynet går føre seg på følgjande måte:

  • Pr. brev vert bedrifta varsla om kontroll, og brevet inneheld grunngjeving for kontrollen.
  • Verksemda sitt IK system vert gjennomgått.
  • Stikkprøvebasert kontroll av det elektriske anlegget vert tatt for å verifisera om vedlikehaldsrutinar fungerar.
  • Ein skriftleg rapport vert sendt til verksemda.
  • Dersom tilsynet ikkje har avdekka feil/manglar vert det i rapporten skrive at saka er avslutta.
  • Dersom det er avdekka feil/manglar, anten i IK-systemet og/eller i det elektriske anlegget, så vert det sendt ein rapport med varsel om vedtak og sett ein frist for utbetring.
  • Dersom feil og manglar ikkje vert følgd opp av verksemda innan fristen, vert det fatta eit vedtak om utbetring med ny frist. Om heller ikkje denne fristen vert følgd opp vert saka anten avslutta med hefte, eller anlegget vert stengd. I så fall vert saka sendt til Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) for vurdering av tvangsmulkt med heimel i lov av 24. mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, § 13.