Katla

Alle nye nett-tilknytingar og nettforsterkingar basert på auka kapasitet frå eksisterande nettkunde skal kostnadsreknast for å kunna fastsetja størrelsen på anleggsbidraget.  

Døme på nye typar nettanlegg der det skal reknast på er:

  • Tilknyting av fritidshus/hytter.
  • Tilknyting av bustadhus/leilegheiter.
  • Tilknyting av naust, garasjar og mindre anlegg.
  • Tilknyting av produksjonsanlegg.
  • Tilknyting av næringsbygg og offentlege bygg.
  • Tilknyting av fiskeanlegg.

Døme på nettforsterkingar der det skal reknast på er:

  • Auka effektbehov hos kunde.
  • Endra spenningsnivå hos kunde.

Anleggsbidraget skal reknast ut frå nettselskapet sine faktiske kostnader for den konkrete tilknytinga eller behov for auka kapasitet. Nettselskapet skal først gi eit anslag over forventa anleggsbidrag, men det endelege anleggsbidraget kan fyrst etterbereknast etter at tilknytinga er fullført og alle kostnader er kjent.

Ved utrekning av anleggskostnad som inngår i anleggsbidraget skal ein nytta sjølvkostpris.

Anleggskostnaden er nødvendige kostnader ved ny-tilknyting eller forsterking. I anleggskostnaden skal det  inngå  prosjekteringskostnadar, materialkostnader, montasje, maskinkostnader, transport og utstyr . I tillegg kjem eventuelle eksterne kostnader som entreprenør, erstatning, tinglysing m.m..