Registrer gravemelding her.

graving under linjene

For å utføra anleggsarbeid og legge kablar for Finnås Kraftlag, bør føretaket ha sentral godkjenning utførande grunnarbeid og landskapsutforming.

Entreprenørar som ikkje ønskjer sentral godkjenning eller ikkje tilfredsstillar krav for å få det, kan alternativt dokumentera direkte til oss.
Dokumentasjon som alternativt vert sendt til Finnås Kraftlag må innehalda følgjande:

  • Vitnemål, fagbrev eller anna dokumentasjon på utdanning. Alternativ ved manglande formell utdanning, kan dokumentasjon på langvarig praksis i fagområdet nyttast
  • Referanseprosjekt som beskriver erfaringa, kompetansen og gjennomføringsevna føretaket ditt har
  • Kvalitetssikringsrutinar som er tilpassa dei aktivitetane føretaket ditt søkjer godkjenning for
  • Organisasjonsplan som viser ansvars- og myndigheitsfordeling i føretaket
  • HMS-erklæring som viser at føretaket arbeidar systematisk med å oppfylla HMS-krav
  • Valfri tilleggsinformasjon som dokumenterer at føretaket er godkjent som opplæringsbedrift, har yrkesskadeforsikring og ansvarsforsikring.