Strandnellik

Plusskunde

Ein plusskunde er ein kunde som sjølv produserer straum som dekkjer heile eller deler av sitt straumforbruk og som leverar eit eventuelt overskot av produksjonen inn på straumnettet.

Ein plusskunde vil og hente straum frå nettet for å dekkje deler av forbruket sitt, og for dette må det betalast ordinær nettleige.

Eventuell overskotskraft som matast inn på nettet kan seljast. Det må etablerast ein avtale med eit straumselskap om kjøp av overskotsproduksjon. Ein kan ikkje ha ulik leverandør for forbruk og sal av produksjon.

Alle som leverer straum inn på vårt straumnett må betala ein innmatingstariff, men plusskundar er i motsetning til ordinære produsentar fritekne for fastleddet i innmatingstariffen. Plusskundar sin innmatingstariff består derfor berre av eit energiledd. Energileddet sin storleik avheng av den gjeldande marginaltapssatsen i straumnettet, områdeprisen og netto innmating i straumnettet, og er derfor normalt ikkje fast. Bømlo Kraftnett AS har fast negativ sats på - 0,5 øre/kWh. Det betyr at nettselskapet betaler litt for at krafta vert mata inn ute i distribusjonsnettet der det er andre kundar i nærleiken.

Straum som vert produsert til eige forbruk er ikkje avgiftsbelagt for plusskundar.

Finnås Kraftlag stiller tekniske krav til plusskundeanlegg, slik at desse anlegga ikkje skal bidra til redusert spenningskvalitet hos andre kundar.

Det er krav at plusskundeanlegg av sikkerheitsårsaker skal koplast ut automatisk ved straumstans i Finnås Kraftlag sitt distribusjonsnett, og må også bli liggjande utkopla inntil normal straumforsyning er oppretta.

Det er plusskunden sitt ansvar i samarbeid med installatør å sørgje for at anlegget tilfredsstiller dei tekniske krava som vert stilt for å kunne tilknytte produksjonsanlegg til distribusjonsnettet. Dette gjeld også for utstyr som sikrar at produksjonsanlegget vert utkopla ved straumutfall i distribusjonsnettet.

Prosument

Ein prosument er ein kunde som har større produksjonsanlegg enn 100kW (momentanverdi), men som likevel ikkje produserer meir enn 1GWh pr. kalenderår. Denne typen kunde vil og kunne bruke eigenprodusert kraft utan å betale avgifter eller nettleige. Kraft som vert levert inn på nettet vil fakturerast med eit energiledd (innmatingstariff) fastsett av RME (Reguleringsmyndighetene). I 2022 er denne satsen 1,45 øre/kwh innmata. Forbrukstariffen vil bli fastsett etter like reglar som for andre forbrukarar. (Ulike kapasitetsledd eller effekttariff alt etter forbrukt energimengde).