Årsmøte 2018
Finnås Kraftlag SA held vanleg årsmøte Tysdag 8. mai 2018 kl. 18.00 i Moster IL klubbhus, Mosterhamn. Registrering av stemmer frå kl. 17:00 til 17:50. Oppmøte etter kl.17:50 gir ikkje stemmerett.
Desse sakene ligg føre:
- Sak 1 Godkjenning av innkalling og sakliste
- Sak 2 Godkjenning av møteboka frå ekstraordinært årsmøte 13. november 2017
- Sak 3 Val av to personar til å skriva under møteboka og val av to valobservatørar
- Sak 4 Godkjenna årsmelding for 2017
- Sak 5 Godkjenna resultatrekneskap og balanse for 2017
- Sak 6 Gjera vedtak om disponering av overskot
- Sak 7 Fastsetja godtgjersle til styret og valnemnda
- Sak 8 Fastsetja godtgjersle til revisor
- Sak 9 Velja styre og styreleiar
- Sak 10 Velja revisor
- Sak 11 Velja valnemnd etter forslag frå styret
Saksdokumenta vert utlagt til gjennomsyn på Kraftlaget sitt kontor og på heimesida frå 27.04.2018. Medlemmer kan få tilsendt saksdokumenta dersom ein ber om det.
Alle medlemmer vil få innkalling og sakliste tilsendt. For å lette registreringsarbeidet må innkallingsbrevet takast med på årsmøtet. Ynskjer du å gje frå deg fullmakt til andre må du fylla ut og signere på skjemaet nedst på innkallinga.
Alle medlemmer vert med dette innkalla til møtet.
For styret i Finnås Kraftlag SA
Torleiv Fylkesnes
Styreleiar