regjeringa pressekonferanse krisepakke'

 

Støtteordning

Staten vil gi ei støtte til hushaldningskundar. Frå september 2023 vil kunden få dekka 90% av straumprisen som overstig 70 øre/kWh (87,5 øre/kWh m/mva). Støtta vert berekna pr. time. Støtta gis opp til eit forbruk på 5000 kWh/mnd. 

RME vil publisere støttestasane på denne sida NB! Ein må velje prisområde NO2 for å få korrekte verdiar.

Burettslag og sameige

Strømstøtte til bustadselskap (burettslag, bustadsameige, bustadaksjeselskap mm.) blei vedtatt av Olje- og energidepartementet fredag 21. januar 2022. Støtta utbetalast automatisk, men styra i bustadselskapa plikter å kontrollere og rapportere for å sikre riktig utbetaling.

Ordninga skal sikre støtte for fellesmålt strømforbruk. Dette kan for eksempel var forbruk til oppvarming, varmtvatn og varme i fellesareal, forklarer seksjonssjef i Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME), Torfinn Jonassen.

Med felles målepunkt meinast eit målepunkt (straummåler) som måler felles straumforbruk til bustadselskapet.

Styra er ansvarlege for at korrekte tal er lagt til grunn

Når bustadselskapet mottar støtte, har dei sjølv eit ansvar for at dei ikkje har mottatt for mykje i støtte. Det er to forhold dei må kontrollere:

  •  Dei bustadselskap med felles oppvarming- eller ventilasjonssystem må kontrollere at ikkje meir enn 20 prosent av oppvarma areal nyttast av andre enn bustadselskapet sine husholdningar (for eksempel til butikklokale).
  • Alle bustadselskap må kontrollere at dei ikkje har mottatt støtte til husholdningsforbruk for meir enn 5 000 kWt per bueining.

Styra må melde frå til Bømlo Kraftnett på e-post: firmapost@bomlo-kraftnett.no om dei ikkje er innanfor krava ovanfor.

Les meir om bustadselskap og reglane på NVE sine sider: Slik gjennomføres strømstøtte til boligselskapene - NVE

Kven får støtte

Me har tatt utgangspunkt i opplysningar om abonnementet som ligg i systemet vårt når støtta er berekna. Om du ikkje har fått støtte og meinar at du har krav på dette må du ta kontakt med oss i Bømlo Kraftnett. Det kan vera feil i våre system når det gjeld defineringa av kva bygninga vert brukt til. Oftast vil feilen vera at me har klassifisert abonnementet som noko anna enn det som det gis støtte til. Om det er tvil om kva anlegget vert brukt til, vil me bruke opplysningar registrert i matrikkelen. Det er og mogleg å klage til RME på vår klassifisering.

Korleis vert støtta utbetalt?

Har du både straum og nettleige frå selskap i Finnås kraftlag konsernet, vil støttebeløpet bli trukke frå på denne fakturaen.

Har du annan framandleverandør på straum, vil beløpet bli trukke frå på nettleigefakturaen. Om beløpet overstig fakturert nettleige, vil pengane bli utbetalt til den kontoen som dei tre siste innbetalingane er komne frå. Er du ein slik kunde og har nyleg endra bankkonto, må du ta kontakt med vårt kundesenter.

Kva får eg i støtte?

Du kan finne ut kva du har fått eller får i støtte på Bømlo kraftnett si "mi side". Rekningar som er ferdig produsert finn ein under fakturaoversikt. Funksjonen "prøvefaktura" som ein finn under menyen "Faktura" når ein klikkar på hamburgermenyen oppe til høgre, vil vise påløpte kostnadar og rabatt i inneverande månad fram til gårsdagens dato. På grunn av at auka støtteprosent for januar ikkje er vedtatt enda, er ikkje denne satsen oppdatert i berekninga. Endeleg beløp på støtta er heller ikkje klar før månaden er over, då den er avhengig av snittprisen på straum. Førebels er lik pris som for desember brukt i berekninga.

Prøvefaktura

 

Andre støtteordningar:

Det er etablert andre støtteordningar etter kvart som perioden med høge straumprisar har vedvart. Les meir om desse på regjeringa sine nettsider.

Kjelde: NVE  og regjeringen.no