Forbruksavgift for elektrisk kraft
Finnås Kraftlag har ansvar for å krevje inn forbruksavgift for elektrisk kraft (elavgift) på vegne av Toll- og avgiftsdirektoratet.
Reglane for forbruksavgift i korte trekk:
- Hushald- og næringskundar betalar generelt full avgift. Denne er frå 2023 delt i høg og låg sats alt etter tid på året. Satsar varsla for 2023 er 9,16 øre/kWh eks. mva i janauar til og med mars. April til desember er satsen 15,84 øre/kWh (eks. mva.).
- Bedrifter med næringskode 5 - 33 (SN2007) betaler redusert avgift på 0,546 øre/kWh (eks. mva).
- Redusert avgift gjeld berre for forbruk i sjølve produksjonsprosessen.
- I nokre særtilfelle gis det fritak frå forbruksavgift, dette er nærmare forklart her: https://www.skatteetaten.no/bedrift-og-organisasjon/avgifter/saravgifter/om/elektrisk-kraft/
- Alt forbruk som ikkje brukast i produksjonsprosessen reknast som brukt til administrasjon.
- Forbruk til administrasjonsbygg skal belastast med full forbruksavgift.
- Når fleire typar verksemder ligg bak same målar skal det foretas ei fordeling på dei ulike avgiftssatsane.
- Kunden må på eige skjema (PDF, 209KB) dokumentere retten til redusert avgift.
- Kunden må på eige skjema (PDF, 262KB) dokumentere retten til avgiftsfritak.
- Bedriftene er sjølve ansvarlege overfor Toll- og avgiftsdirektoratet for å betale korrekt avgiftssats.
Nærare informasjon finn du på www.skatteetaten.no.
Om de meiner å ha rett på avgiftsfritak eller avgiftsreduksjon, må de sende inn skjema ”eigenfråsegn om rett til redusert forbruksavgift”, eller ”eigenfråsegn og rett til fritak av forbruksavgift”. Me minner om at det ikkje er høve til å krevje redusert avgift tilbake i tid.
Ved spørsmål om forbruksavgift, ta kontakt med oss på firmapost@bomlo-kraftnett.no
Skjema for å dokumentera rett til redusert avgift finn du her ... (PDF, 209KB)
Skjema for å dokumentera fritak for forbruksavgift finn du her ... (PDF, 262KB)