Magne Heimvik, konsernsjef i SKL, vil halde ein orientering i forkant av årsmøtet.

Desse sakene ligg føre:

Sak 1 Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 2 Godkjenning av møteboka frå årsmøtet 14. mai 2014
Sak 3 Val av to personar til å skriva under møteboka og val av to valobservatørar
Sak 4 Godkjenna årsmelding 2014
Sak 5 Godkjenna resultatrekneskap og balanse for 2014
Sak 6 Gjera vedtak om disponering av overskot
Sak 7 Fastsetja godtgjersle til styret og valnemnda
Sak 8 Endring av godtgjersle til styret og valnemnd
Sak 9 Fastsetja godtgjersle til revisor
Sak 10 Velja styre og styreleiar
Sak 11 Velja revisor
Sak 12 Velja valnemnd etter forslag frå styret
Sak 13 Restrukturering av SKL Konsernet
Sak 14 Emisjon i SKL

Saksdokumenta vert lagde ut tilgjennomsyn på Kraftlaget sitt kontor og på heimesida frå 13.05.2015. Medlemmer kan få saksdokumenta tilsende dersom dei ber om det.

Alle medlemmer vil få innkalling og sakliste per post. For å letta registeringsarbeidet må innkallingsbrevet takast med til årsmøtet, Ynskjer du å gje fullmakt til andre må du fylla ut skjemaet nedst på sida, signera og levera brevet (i original) til den som skal ha fullmakta.

For styret i Finnås Kraftlag SA

Torleiv Fylkesnes
Styreleiar 

 


 

Sakspapira til årsmøtet finn du her >>>  (PDF, 770KB)

Årsmelding 2014 >>>  (PDF, 4MB)

Referat frå ordinært årsmøte i 2014 >>> (PDF, 165KB) 


Kort oppsummering etter årsmøtet 2015

Godt årsmøte i Rubbhallen 27. mai 2015

Det var 78 medlemmar frammøtt med totalt 90 stemmer.

Valnemnda si innstilling vart følgd slik at det vart attval av dei styremedlemmar som var på val; Torleiv Fylkesnes, Ove Grønås og Anne Beth Njærheim. Som varamedlemmar vart følgjande valde: Tone Stavland (ny) som 1. varamedlem, Karl Totland (attval) som 2. varamedlem, Jorunn Jacobsen Folgerø-Holm (ny) som 3. varamedlem.

Når det gjeld tildeling av gåver så fekk Bømlo Bedehus kr. 210.000,-.

I tillegg til vanlege årsmøtesaker handsama årsmøtet sak om restrukturering av SKL Konsernet (sak 13) og sak om emisjon i SKL (sak 14).

Årsmøtet gjorde vedtak i sak 13 og sak 14 i tråd med styret si innstilling,

Vedtak i sak 13; Restrukturering av SKL konsernet:

Årsmøtet i Finnås Kraftlag støttar  arbeide som vert gjort med restrukturering av SKL Konsernet og vil gje styret fullmakt til å stemma for restrukturering av SKL konsernet etter framlagt plan. SKL vil etter restruktureringa bli eit reint produksjonsselskap.

Vedtak i sak 14; Emisjon i SKL:

Årsmøte gir styret fullmakt til å teikne seg for inntil NOK75 mill. i emisjonen i SKL.
Dersom ikkje alle som er invitert med på emisjonen går inn med fullt beløp, får styret i Finnås Kraftlag fullmakt til å teikne seg i emisjonen for inntil NOK 100 mill. totalt.