Linje

Etter §14 i Forskrift om Elektriske lågspentanlegg, skal alle nyanlegg og endringar meldast til DLE. Dette gjeld og dei anlegga som ikkje skal koplast til straumnettet. I tillegg må også nettavdelinga til Bømlo Kraftnett AS varslast når anlegget skal tilkoplast forsyningsnettet. Bømlo Kraftnett har samla denne typen meldingar i eit felles elektronisk system kalla Elsmart. For å bli brukar, må installatørar registrera seg i Elsmart. For å senda melding til Bømlo Kraftnett AS må ein søkja via Elsmart om godkjenning. Søknaden om registrering vert automatisk godkjend og det kan opprettast ny melding mot Bømlo Kraftnett AS. Brukarrettleiing for Elsmart finn ein på www.elsmart.com

Viktig med korrekte vedlegg.

Det er viktig at ein legg ved eit situasjonskart som viser kor ein planlegg å ha tilknytingsskapet for ny installasjon. Ved for eksempel leiligheter, naust eller tomter som ikkje har fått adresse, er det spesielt viktig med skisse som viser korrekt bygg slik at det ikkje kan forvekslast eller misoppfattast.

Melding på papir

Bømlo Kraftnett AS ønskjer å motta meldinger elektronisk. Dersom me mottar meldingar på papirformat (DOC, 97KB), medfører dette at nettselskapet sjølv må registrera desse papirmeldingane inn i Elsmart. Ei slik manuell behandling av meldingar kan resultera i ei forlenga saksbehandlingstid. Av den grunn oppmodar me alle installatørar til å nytta Elsmart som system når melding om installasjonsarbeid vert sendt til nettselskapet.