Gåver til allmennyttige føremål
Finnås Kraftlag deler ut gåver til allmennyttige formål, og me har to ulike søknadsordningar.
Foto:Skillzfoto
Me é der når nåke skjer – det er visjonen vår. Og på Bømlo skjer det mykje! Engasjerte enkeltpersonar sørger for eit rikt og allsidig lags- og organisasjonsliv. Teater, turløyper, dyrevern, song og musikk, barne- og ungdomsarbeid, miljøarbeid, velforeiningar, idrett, og mykje anna!
Me vil at Bømlo skal vera ein god plass å bu, arbeida og leva, og støttar difor allmennyttig arbeid. Det er to ulike søknadsordningar, alt etter prosjektstorleik.
Prosjektkostnad under kr. 400.000 - søknadsfrist 15.september
Årsmøte har sett av 1,2 millionar kroner til eit gåvefond disponert av styret. Styret disponerer desse midlane, og det er søknadsfrist den 15.september.
Les premissar for gåver utdelt av styret
Prosjektkostnad over kr 400.000 - søknadsfrist 31. desember
Prosjekt med kostnadar over 400.000 kan søkja om gåver, og søknadane vert avgjort av årsmøtet
Les premissar for utdelt av årsmøtet.