Hav

Elektrisitetsleveransen består av to delar, ein monopolregulert del (nettselskap) og ein konkurranseutsett del (kraftleverandørar). Dette inneber at kundar må inngå avtale både med det lokale nettselskapet og med ein kraftleverandør.

Inntil du har valt deg kraftleverandør er nettselskapet pliktig til å levera deg kraft på dyrare vilkår enn normalt. Denne leveransen vert kalla ”leveringsplikt” og er kun meint som ei midlertidig ordning.

Leveringsplikt er ei ordning som pålegg nettselskapet å levere kraft fram til kunden har inngått avtale om kraftleveranse frå ein ordinær strømleverandør. I slike situasjonar får kunden automatisk – som følgje av leveringsplikta – straum frå Bømlo Kraftnett. Prisen for kundar på leveringsplikt er regulert av NVE sine forskrifter.

Midlertidig endring i forskrift om leveringsplikt:

I perioden fram til 1/1-2024 skal alle kundar på leveringsplikt ha eit påslag lik 5 øre/kWh eksklusiv avgifter.

Etter 1/1-2024:

Etter denne dato gjeld: Dei første seks vekene er prisen spotpris, pluss eit påslag på 6,25 øre/kWh. Etter dei seks første vekene er prisen spotpris pluss 11 øre/kWh. Dette er ein kostbar tariff og vi oppmodar alle kundar om å få ein ordiner avtale snarast mogleg etter tilkopling. Om ein kunde som hamnar på plikttariff er plusskunde, vil innmating bli kompensert med spotpris minus 6,25 øre/kWh. Etter seks veker vil ein trekke frå 11 øre/kWh.

Dei første seks vekene er prisen spotpris, pluss eit påslag på 6,25 øre/kWh. Etter dei første seks vekene opererar Bømlo Kraftnett prisen på leveringspliktig leveranse slik:

Ventetariff (0 tom. 6 veker) = Forbruksvegd spotpris + 6,25 øre/kWh inkl. mva
Ventetariff (Fom. 7 veker ) = Forbruksvegd spotpris + 11 øre/kWh inkl. mva

Bømlo Kraftnett AS sender jamnleg ut brev/påminning til nettkundar som ikkje har vald straumleverandør.

Gå til strompris.no der du vil kunne samanlikna tilbod frå kraftleverandører som tilbyr kraft i den kommunen du bur.