Medlemskap

Finnås Kraftlag har endra selskapet sine vedteker med verknad frå 22.09.2010, og er no registrert som eit samvirkeføretak. For å bli medlem må du vera kunde hos Finnås Kraftlag og folkeregisterførte i Bømlo kommune.

Med overgang til medlemskap vil alle som var registrert som parteigarar per 01.10.2010, og som stettar kravet til medlemskap etter nye vedteker, no verta overført til medlemer i samvirket. I desse dagar vert det sendt ut medlemsbevis til alle kundar som eig partar i kraftlaget.  Dei av kundane våre som ikkje er parteigarar, og som tilfredsstiller kravet til medlemskap i vedtektene, vil no få tilbod om å teikna medlemskap.

 Det elektroniske parteigarregisteret vårt kan vera noko mangelfullt, og namnet kan vera ulikt registrert i parteigarregisteret og kundesystemet vårt. Det kan også vera tilfelle at kundetilhøvet ditt er registrert på eit anna namn i husstanden. Det kan difor vera nokre parteigar som ikkje har fått medlemsbevis, fordi me ikkje har klart å i identifisere dei. I så fall ber me om at du snarast mogleg tek kontakt, slik at me kan få retta opp i dette.

Medlemskap i Finnås Kraftlag lønar seg

Som medlem har du høve til å få del i overskotet i laget. Inntil 35% av det årlige overskotet kan, etter vedtak i årsmøte, nyttast til etterbetaling (kjøpsutbyte) til medlemane. Kor mykje kvar medlem får i slik etterbetaling, er basert på den einskilde medlem sin handel med laget siste året.  

Korleis bli medlem?

Ynskjer du å teikne medlemskap, gjer du dette ved å fylla inn dette skjemaet, og så vil du motta bekrefting frå oss. Har du spørsmål kan du nå oss på telefon 53 42 89 00 mellom kl 07.30 og 15.00.

Eit medlemskap i Finnås Kraftlag kostar kr 300,- . Dette medlemsinnskotet vil bli utbetalt når eventuelt kundetilhøvet og medlemskapen opphøyrer. Det skal ikkje betalast årleg medlemskontingent til laget. 

Me håpar du nyttar deg av tilbodet om å teikne medlemskap.