Bli medlem i Finnås Kraftlag!
Finnås Kraftlag er eit lokalt samvirke som det løner seg å vera medlem i! Du kan påverka utviklinga av Kraftlaget, og du får ta del i medlemsfordelane. Me ynskjer deg velkommen som medlem!
Medlemsfordelar
Ein del av overskotet til kraftlaget kan betalast ut som kjøpsutbytte, og kor stor utbetaling du får avheng av kor mykje du handlar hos Finnås Kraftlag.
I 2019 får kundar som har straum, internett og tv hos oss utbetalt om lag 2000 kroner i kjøpsutbytte. Utbyttebeløpet er basert på handel med kraftlaget året før (i dette eksempelet handel i 2018).
Som medlem har du stemmerett på årsmøtet, og kvart medlemskap har ei stemme. Det vil seia at di stemme på årsmøtet er like mykje verd som Bømlo Kommune si! På årsmøtet kan du påverka kva kraftlaget skal satsa på i åra framover, og du stemmer på personar du har tillit til å sitja i styret.
Har du blitt medlem i år? Eller meldt deg ut?
Du får kjøpsutbytte basert på den handelen du har gjort så lenge du er medlem. Det vil sei at dersom du melder deg inn i juli, får du kjøpsutbytte basert på handel i perioden juli-desember. Kjøpsutbyttet blir utbetalt året etter, basert på kraftlaget sitt overskot og årsmøtet sitt vedtak. Personar som har blitt medlem i år, får altså kjøpsutbytte til neste år.
Krav for å bli registrert som medlem
Medlemskap i samvirkelaget Finnås Kraftlag SA er frivillig. Både personar og bedrifter kan melda seg som medlem.
§ 4.2 Medlem kan vera
Personar som er folkeregisterførte i Finnås Kraftlag sitt konsesjonsområde og alle
organisasjonar/verksemder som kjøper varer eller tenester frå laget.
For eigarar av partar som er erverva før 01.10.2010, gjeld ikkje kravet om å vera
folkeregisterført i konsesjonsområdet.