Bilde som viser høgspentlinjer

Nettleige frå 01.01.2026

Bømlo kraftnett si tillatte inntekt (berekna i tråd med regelverket til RME) har auka for 2026. Auken skjer generelt som følgje av aukte kostnadar i samfunnet. Kostnadar som påverkar nettselskapa spesielt er Statnett og Fagne sine tariffar (overliggande nettkostnadar). Desse kostnadane er blant anna berekna ut frå Bømlo kraftnett sitt samla forbruk i makstimen i 2023 og 2024. Vidare spelar og andre kostnader tilhøyrande Bømlo kraftnett AS inn. Eksempel på slike kostnader kan vera eigedomsskatt og gebyr til Elhub. For 2026 planlegg me å ta inn heile den tillatne inntekta. Dette medfører at vår del av tariffen vil auke samanlikna med 2025. Stortinget har vedtatt å sette ned elavgifta frå 1. januar 2026. Dei fleste kundane vil difor ikkje oppleve ein reell auke i nettleigkostnaden frå nytt år, men dette kan slå ulikt ut for den enkelte kunde. Komplett tariffinformasjon finn de her: Prisliste nettleige 2026 (PDF, 196KB)

Fleire ledd
Nettleiga består av eit kapasitetsledd og eit energiledd. Kapasitetsleddet er delt inn i fleire trinn. Kva trinn du hamnar i, vert bestemt av snittverdien av dei tre høgaste timesverdiane, henta frå tre ulike døgn i månaden ein vert fakturert for. Døgnmaks er den timen i døgnet der ein har brukt mest straum.

Kapasitetsledd:
Trinna er delt inn inn slik. Første trinn 0-2 kilowatt, neste 2-5 kilowatt, så 5 kilowatt per trinn opp til 25 kilowatt. Deretter er trinna delt inn med 25 kilowatt per trinn. Det er forventa at dei fleste privatkundanae våre vil variere mellom trinna 2-5 og 5-10 kilowatt. Hensikta med å innføre kapasitetstrinn er at det skal løne seg å fordele forbruket ut over døgnet. Om ein tenkjer seg om, og ikkje skrur på alle apparata eller billadaren samtidig med at ein lagar middag, kan ein kanskje holde seg under eit visst nivå/ledd.

Energiledd:
Det vil vera ein pris på dagtid og ein lågare pris om natta (klokken 22.00 - 06.00). Elavgifta som blir tatt inn saman med nettleiga vert fastsett av Stortinget.
Du finn informasjon om kor mykje straum (kW) du brukar i gjennomsnitt ein time ved å logge deg inn på Mi Side og gå inn på "Effektkurver". Nokon kraftomsettarar tilbyr og kundar å vise denne informasjonen via eigne appar.

Utdrag av prisar for nettleige gjeldande frå 01.01.2026

Prisliste for kapasitetsledd privatkundar

Kapasitetsledd privat 2026

Pris energiledd privatkundar

Privat energiledd 2026

 

For komplett tariffinformasjon, sjå vedlegg:

Tariffar gjeldande frå 1. januar 2026 (PDF, 196KB)

Tariffar gjeldande frå 1. oktober 2025 (PDF, 218KB)

 

Spørsmål og svar om ny nettleigemodell: