arbeid i kabelgrøft

 

 

Finnås Kraftlag Nett
Tlf  53428930
E-post: nett@finnas-kraftlag.no

 
Eller besøk oss:
Hollundsdalen 1
5430 Bremnes

Ynskjer du å knyta deg til nettet vårt med ny bustad, naust eller anna, er framgangsmåten slik:

  • Ta kontakt med oss slik at me kan avklara om det er nett i det området du skal byggja. I nokre område kan det vera aktuelt å berekna anleggsbidrag. Les meir om Anleggsbidrag.
  • Du nyttar ein godkjend installatør til å førestå den elektriske installasjonen i bygget. Han sender ei førehandsmelding til oss før arbeidet startar. Denne meldinga inneheld dei viktigaste detaljane om installasjonen.
  • Me utvekslar ein del teknisk informasjon med installatøren som grunnlag for installasjonen.
  • Me sender då ut skjema for søknad om tilknyting vedlagt gjeldande standardavtale. Kunden skal fylla ut dette skjemaet, og returnera det til oss.
  • Når installasjonsarbeidet er ferdig og klart for tilknyting, sender installatøren ei ferdigmelding til oss.
  • Me monterer så målar og koplar til anlegget, og sender faktura på tilknytingsavgift.

Me står gjerne til teneste undervegs om huseigar / installatør ynskjer å drøfta detaljar for den praktiske utføringa av anlegget.

Inntakskabel

Dersom du skal byggje nytt hus, hytte eller næringsbygg er det viktig å planlegge tilførsel av straum på eit tidleg tidspunkt. For å få rett dimensjon på inntakskablar, trekkjerøyr og jording er det viktig å ta kontakt med elektroinstallatør tidleg i planleggingsfasen. Grøfter for inntakskabel og jording er noko av det første ein må tenkje på.

I bustad og fritidsbustad skal kunde montere tilknytningsskap for straum og fiber utvendig på husvegg. For nye anlegg har FK eit botnfrådrag på kr. 25.000,- eks. mva., som skal dekke investeringskostnadane for tilknyting av anlegget. I dei tilfella dette ikkje er nok, vert det berekna eit anleggsbidrag som kunden må betala. FK ynskjer i den grad det er mogleg å nytta kunden sin entreprenør for å sørgja for kabelgrøft til tilknytningsskap. FK leverer og legg inntakskabel i ferdig grøft, koplar denne i kabelskapet og i tilknytningsskapet. Det kan også vera entreprenøren som legg kabelen.

Ved legging av kabel og/eller trekkerøyr for kablar er det viktig at grøfter og legging vert utført fagmessig.

Flytte linje, kabel eller anlegg

Ønskjer du å flytta eksisterande straumkabel, linjenett, veglys eller legge om frå luftstrekk til jordkabel på eigendommen din eller flytte andre anlegg Finnås Kraftlag har, må du normalt betala for dette. Ein avtale om flytting av anlegg avtalast før Finnås Kraftlag startar planlegging av arbeidet. 

Ta kontakt med oss for å planlegga flytting eller endring.

Kostnadar rundt flytting av anlegg må i utgangspunktet dekkast av kunde (tiltakshavar). Kor store kostnadane er varierar etter kva du ønskjer å gjennomføra, og kva for alternative løysingar som finnes.