Gravemelding
Spør først – grav etterpå
Bømlo Kraftnett AS
Tlf 53428930
E-post: firmapost@bomlo-kraftnett.no
Eller besøk oss:
Hollundsdalen 1
5430 Bremnes
Brot og skadar på straumkablar kan få store konsekvenser, både skade på menneske og utstyr, og ved at deler av samfunnet vert utan straum. Difor må alle som skal utføra eit gravearbeid i Bømlo Kraftnett AS sitt forsyningsområde be om graveløyve.
Førespurdnad om graveløyve skal rettast til Bømlo Kraftnett AS, helst innan tre dagar før arbeidet skal settast i verk. Ta kontakt på epost, telefon 53 42 89 30 eller kom innom kontoret vårt i Hollundsdalen.
Viss førespurdnaden vert sendt elektronisk, må det ligga ved kart over graveområde, og gjerne ei lita skildring av kva som skal gjerast.
For dei som nyttar tenestene til Geomatikk for søknad om graveløyve, vil Bømlo Kraftnett AS få oversendt, og handsama søknaden. Me vil likevel tilrå at det vert sendt ein kopi av førespurdnaden til oss.
Dersom graveløyve ikkje er utlevert, kan den som utfører eit arbeid, verta erstatningspliktig for skadar som vert påført dei elektriske anlegga, samt avbrotskostnadar.
Om ein kjem i kontakt med kraftlinjer og kablar med anleggsmaskinar eller anna utstyr, kan dette medføra livsfare!
Sjå forøvrig sida «Arbeide/grave nær nettanlegg»
Her finn du skjema for Gravemelding (DOC, 45KB)