Det Lokale El-tilsyn ved e-verket/nettselskapet er derfor ein del av det offentlege tilsynsapparatet for elsikkerheit, og utøver tilsyn etter retningslinjer gitt av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

siggjo

Det lokale el-tilsynet (DLE)

  • Tar i mot førehandsmelding om alle typar installasjonsarbeid i sitt nettområde (også dei som ikkje vert tilknytta straumnettet)
  • Utfører byggeplasskontrollar
  • Utfører tilsyn med alle elektriske lågspenningsinstallasjonar som er tilknytta e-verkets/nettselskapets forsyningsanlegg
  • Utfører tilsyn med omsettinga av elektrisk utstyr innafor everket/nettselskapet sitt forsyningsområde
  • Utfører tilsynet sitt etter rammer gitt av DSB og er pålagt å rapportera til regionen om planlagte tilsynsaktiviteter og resultat
  • Gir råd om bruk og vedlikehald av elektrisk anlegg og utstyr og informerar om årsaker til brann og ulykker forårsaka av elektrisk straum
  • Tar stikkprøvekontroller av elektriske anlegg og utstyr i bustadar og andre bygningar
  • Kontrollerer at verksemder som omset elektrisk utstyr, gjer dette i henhold til lover og forskrifter, og at utstyr som vert tilbydd, har eit akseptabelt tryggleiksnivå
  • Kontrollerer at  installatørar som monterar anlegg, har naudsynt kompetanse og rutinar for å utføra dette på ein trygg måte
  • Informerer alle typer verksemder om at det er naudsynt å ta el-tryggleik med i dei interne kontrollrutinar slik at tryggleiken for dei tilsette vert betra, og faren for materielle skadar vert redusert
  • Kontrollerer og føl opp alle institusjonar og verksemder som nyttar elektromedisinsk utstyr i det daglege slik at tryggleiken vert betra både for pasienter og pleiepersonell
  • Hjelp politiet ved brann- og ulykkesetterforskning
  • Informerer skuleungdom  og andre om el-tryggleik. Alle 6. og 9. klassar får tilbod om at det lokale el-tilsynet kjem på besøk ein gong årleg.

Dersom du ønskjer å komma i kontakt med Det Lokale El-tilsyn kontakt:

Bømlo Kraftnett AS
Hollundsdalen 1,
5430 Bremnes

e-post: tilsyn@bomlo-kraftnett.no
Tlf: 53 42 89 30 eller direkte til tilsynsingeniør Reidar Haugland, tlf. 975 55 906