padlere på holme

Illustrasjon efaktura

Rekninga kjem elektronisk, direkte i nettbanken dersom du har akseptert elektronisk faktura. Denne aksepten blir omtalt i banken din som Ja Takk Til Alle (JTTA) / «Alltid eFaktura» / «eFaktura fra alle» eller liknande . Du inngår derfor ein avtale om eFaktura med nettbanken din.

Med eFaktura får du rekninga di ferdig utfylt rett i nettbanken i staden for i posten. Dermed slepp du å tasta inn lange KID- og kontonummer når du skal betala. Beløp og forfallsdato kan endrast, og du vel sjølv når du vil godkjenna eFakturaen i nettbanken.

  • Du får varsel på e-post frå banken din når fakturaen kjem.
  • KID- og kontonummer er ferdig utfylt.
  • Du kan endra betalingsdato og beløp.
  • Du slepp faktura i posten og sparar miljøet.

 

Illustrasjon avtalegiro

Rekninga vert betalt automatisk, du får giroen i posten til di orientering, den vil vera merka med avtalegiro.

  • Seinast 14 dagar før rekninga forfell mottar du giroen i posten til din orientering slik at du ser spesifikasjonar for kva du betalar for.
  • Rekninga vert betalt automatisk på forfallsdato, og du unngår purregebyr.
  • Du får kvittering på kontoutskriften.

 

Illustrasjon efaktura og avtalegiro

Den enklaste løysinga er å kombinera AvtaleGiro med eFaktura.

Rekninga kjem i nettbanken og vert betalt automatisk på forfallsdato, den legger seg i forfallsmappa di automatisk.

  • Du mottar AvtaleGiro-varselet rett i nettbanken som eFaktura.
  • Rekningane dine blir betalt automatisk på forfallsdato.
  • Varselet med fakturadetaljene vert sendt direkte til nettbanken din og lagrast der.
  • Betalingstenesta er heilt papirlaus, og det går raskt å finna igjen betalte rekninger.
  • Du blir varsla minst 14 dagar før forfall – då har du full kontroll over rekningane dine.
  • Kontoen din blir automatisk belasta ved forfall.
  • Du får kvittering med forklarande tekst på kontoutskrifta – då får du god oversikt.

Det er enkelt å oppretta desse avtalane gjennom Mi Side.