Jordfeilsøking

Jordfeilbrytaren skal beskytta deg og andre i husstanden mot å få farleg straum gjennom kroppen. Den skal då kopla ut straumen i anlegget og det skal ikkje væra mogleg å kople den inn igjen før feilen er utkopla eller reparert.

 

Feilsøking av jordfeil

Har du jordfeilbrytar som slår seg ut kan du sjølv lokalisere feilen ved å gå gjennom punkta under:

  • Skru ut alle sikringar og/eller automatsikringar bortsett frå overbelastningsvernet (hovudsikringen).
  • Slå inn igjen jordfeilbrytaren.
  • Kople inn ein og ein sikringskurs til jordfeilbrytaren koplar ut igjen. Du har no funne den sikringskursen som har jordfeil.
  •  Slå av/skru ut den kursen som det er feil på.
  • Kopla jordfeilbrytaren inn att.
  • Slå av alle brytarar, trekk ut alle støpsel på denne sikringskursen.
  • Slå på /skru inn sikringen igjen.
  • Dersom jordfeilbrytaren fortsatt koplar ut, kontakt godkjent installatør.
  • Dersom jordfeilbrytaren ikkje koplar ut: Slå på eit og eit apparat igjen til feilen oppstår igjen. Du har no funne det apparatet som er årsak til feilen. La dette apparatet vera fråkopla.

For utbetring av feil ta kontakt med godkjent installatør.

Bømlo Kraftnett AS ynskjer å få meldingar om jordfeil, dersom feilsøking som beskrive over ikkje løyser problemet. Me vil då søkje etter jordfeilen, og sørgja for at feilen vert utbetra. Meld derfor frå til oss. Erfaringsmessig kan det væra vanskeleg å finna jordfeilen, det er ikkje alltid me finn den på fyrste forsøk.

Dersom du ikkje har jordfeilbrytar og du opplever at nokon får straumstøyt, må du kontakta godkjend elektroinstallatør omgåande for å finna denne feilen. Dersom installasjonen din er i orden, skal ikkje dette kunne skje. Det vil også vera god tryggleik om du får installatøren til å montera jordfeilbrytar i anlegget ditt. Jordfeilbrytarane kan kopla bort ein feil som er under utvikling og som i verste fall kan resultera i brann eller at nokon får straum gjennom seg.