Nasjonal endring på e-fakturaordninga
Frå 1.12.2021 endra e-faktura versjonen sin frå 1.0 til 2.0. For deg som fakturamottakar betyr dette at alle bedrifter som sender deg faktura ber banken om ein tilbakemelding om du har sagt jatakk til elektronisk faktura. Denne aksepten blir omtalt i banken din som Ja Takk Til Alle (JTTA). Du inngår derfor ein avtale om eFaktura med nettbanken din.
Etter 1. desember 2021 er det ikkje mogleg å inngå eFaktura-avtale med fakturautstedarar enkeltvis. Alle som ynskjer eFaktura må derfor logge inn i nettbanken og velge «Ja takk til alle» / «Alltid eFaktura» / «eFaktura fra alle» eller liknande .
Ynskjer du å reservera deg mot eFaktura frå enkelte bedrifter, må du gjere endringane manuelt i nettbanken etter at du har gitt “Ja takk til alle”-samtykke.
Motta eFakturaer "på vegne av"
Det har med «ja takk til bestemte» vore mogleg å etablere ein eFaktura-avtale som er adressert til andre enn den opprinelege mottakaren av fakturaen (ein mottar eFaktura på vegne av for eksempel barn, ektemake, verge, etc.). Dette må gjerast på ein ny måte framover. Når nokon har samtykka til «Ja Takk Til Alle», blir eFaktura automatisk sendt til den som står oppført som mottakar av fakturaen. Ei årsak til dette er personvernlovgjeving, som seier at faktura berre blir presentert til juridisk mottakar. Ta gjerne kontakt med banken din dersom du treng bistand.
Vidare informasjon kan du også finna her:
Privat eFaktura blir enda enklere!
Les gjerne meir om eFaktura og kombinasjon med Avtalegiro i menypunktet til høgre.