Tilknyting/utviding over 1 MW
Her kan du søke om nettilknyting over 1MW
Om du har planar om å tilknyte nytt forbruk eller produksjon over 1 MW, eller treng utvida totalkapasiteten til over 1 MW, må me i Bømlo Kraftnett ha informasjon om prosjektet og ein søknad om dette.
Tilko
Me bruker eit system utvikla av bransjeorganisasjonen Elbits. Systemet gjer at alle innvolverte nettselskap (Bømlo kraftnett, evnt. Fagne og Statnett) kan følgje saka parallelt. Kunde kan kommunisere direkte med alle desse nettseskapa i løysinga. Klikk på bildet under for å komme i gang med søknaden.
Prosess for søknaden

Kor modent prosjektet er, har betydning for reservasjon og køplassering. For å få reservert kapasitet ved tilknytning på eit gitt nettnivå må det væra tilgjengeleg kapasitet også i overliggande nettnivå. Med tilgjengeleg kapasitet meinast enten ledig kapasitet i dagens nett, eller planar om nytt nett.
Forespørsel
Når Bømlo Kraftnett mottar ein forespørsel frå kunde/verksemd om å bli tilknytta straumnettet eller auke uttaket (meir kW) i eksisterende tilknytningspunkt, må me, ofte saman med Fagne og av og til Statnet vurdere om det er tilstrekkeleg ledig kapasitet i eksisterande eller planlagt nett. Bruk av Tilko gjer at alle involverte partar kan arbeide med saka parallelt. Kunde treng og berre forhalde seg til eit system.
Nettselskapa skal saman avklare om det er driftsmessig forsvarleg å etterkomme kundens forespørsel, så lenge effektbehov og lokalisering er rimeleg avklart.
Når etterspurt kapasitet overstig 5 MW eller 20 GWh må Bømlo Kraftnett og Fagne avklare med Statnett om dei har ledig kapasitet i transmisjonsnettet.
Hvis det er ledig kapasitet i eksisterande nett, kan avtale om tilknytning inngås utan utredning.
Hvis det ikkje er driftsmessig forsvarleg å tilknyte det omsøkte forbruket må det utredas ei ny nettløysing. Kunde må då inngå ein utredningsavtale. I utredninga kan det også være aktuelt å sjå på om tilknytning på vilkår eller avgrensning av forbruket kan væra eit alternativ. Dette er ein fleksibel avtale både for nettselskapet og for kunden, og sikrar raskare tilknytning for kundane og ein betre utnytting av eksisterende straumnett.
Utgreiing
Utgreiingsavtalen inngås slik at me saman kan kartlegge aktuelle løysingar. Kunde kan gjennom denne avtalen få kartlagt fleire alternativ. Dette kan være ein eller to forsyningsvegar knytt til å redusere konsekvensar ved utfall, fleire alternativ for effektuttak eller tilknytning på vilkår.
Nett for høgare spenningar (> 60 kV) må det søkast konsesjon om. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) handsamar konsesjonssøknadar, ein prosess som normalt tar 1-2 år.
Vidare utrgreiing omfattar kostnadar ved endring av eksisterande nettanlegg som utløysast av andre enn nettselskapet, kostnadene når kunde ber om tenester som normalt ikkje kan forventast levert, og dei påløpte kostnadane når kunde kansellerer bestilling om ny tilknytning, og økt kapasitet eller betre kvalitet.
Bømlo Kraftnett avklarer korleis nytt forbruk best kan forsynast. Det utgreiast eit eller fleire planalternativ for nettutbygging/nettforsterkning.
Uforpliktande forkalkyle
Etter at utrgreiinga er gjennomført vil Bømlo kraftnett presentere foretrukke nettløysing for kunde saman med eit grov og uforpliktande forkalkyle for kundens høvevise del av kostnaden. Forkalkyle baserast på eigne grovkalkylar og erfaringstal, og kan gi ein tidlig indikasjon på kostnadsnivået for tilknytninga.
Her blir omforent framdriftsplan eit sentralt element. Alle viktige milepælar må inngå i framdriftsplanen, og kunde forpliktar seg ved avtaleinngåelse å utvikle prosjektet sitt i etter planen.
Tap av reservasjon
Etter byggestart vil vesentlege avvik frå framdriftsplanen kunne medføre kansellering av tildelt kapasitet eller utsatt nettilknytning.
Reservasjon av nettkapasitet for en kunde/aktør kan medføre ein marknadsbarriere for andre aktørar/kundar. Det er difor viktig at reservasjon og tildeling av nettkapasitet føregår etter nøytrale og ikkje-diskriminerande prinsipp. Det er derfor etablert ei køordning kor nye kundar innplasserast i køen etter nøytrale og ikkje-diskriminerande kriterie.
Det forventes blant anna at aktørane sine prosjekt har tilstrekkeleg modenhet og framdrift.
For å hindre at kundeprosjekt med manglande framdrift legg beslag på nettkapasitet som ikkje vil bli nytta, vil reservasjonen være begrensa til relevante periodar basert på prosjektets størrelse og kompleksitet (et antall månader). I desse periodane er det forventa at aktøren utviklar sitt prosjekt parallelt med nettselskapet. Dersom kundens prosjekt kansellerast eller forsinkast utan akseptabel årsak vil reservert kapasitet kunne trekkast tilbake av nettselskapet og tildelast andre aktører.
Tilknytning
Før tilknytning finn stad, må det inngås Standardavtale for nettleie og tilknytning for næringskundar.
Etter at prosjektet er ferdigstilt føretar nettselskapa ei etterberekning av anleggsbidraget.
Fornybar Norges standardavtale for nettleie og tilknytning for næringskunder (PDF, 634KB)
Ta kontakt med Ståle Mæland ved spørsmål.
Lykke til med ditt prosjekt!
