Har du kjøpt eller vurderer å kjøpe el-bil?

Det er enkelte ting det er greitt å sjekka ut og tenke gjennom før du installerer lader heime. Det vert stadig selt fleire el-bilar i Noreg, også her i Bømlo Kraftnett AS sitt område. Dei fleste el-bilar er i utgangspunktet basert på eit anna straumsystem enn det norske. Lading av el-bilane krev nokre særlege forholdsreglar.

Bømlo Kraftnett AS er positiv til innføring av el-biler og ladbare hybridbilar. Å elektrifisera transportsektoren er eit godt tiltak både for å redusera forureininga i nærmiljøet vårt, og for å redusera klimautslepp. Bømlo Kraftnett AS ynskjer at etablering av elektrisk transport i vårt nærområde skal skje på ein god og problemfri måte.

Raskare lading

Etter kvart som utbreiinga av el-biler aukar, vil meir av ladinga skje i private heimar. Nye el-bilmodellar har moglegheiter for raskare lading ved bruk av høgare straumstyrke. Derfor er det viktig å væra klar over at lading av el-bilar i enkelte tilfelle kan føra til konsekvensar som ikkje er ynskjelege for straumnettet.

Sjekk det elektriske anlegget først

Det er viktig at det elektriske anlegget er i god stand, slik at varmgong og personskadar vert unngått. Lading av el-bilar føregår over lengre tidsrom med same effekt. Ein kontroll av det elektriske anlegget for å unngå brannfarleg varmgong er derfor anbefalt. Alle kablar og komponentar fram til ladeuttaket må væra dimensjonert for å tåla den aktuelle ladestraumen. Det er også viktig å klarlegge om du har 230V IT, 230V TT eller 230V/400V TN-system hos deg, da det kan påverka type lading i el-bilen. Kontakt autorisert elektroinstallatør for å få kontrollert ditt elektriske anlegg.

Normal- eller hurtiglading

Ladeutstyr for el-bilar er kategorisert som normal, hurtig eller semihurtig. Ved lading heime vil normal- eller semihurtig lading væra dei mest vanlige alternativa. Innafor ladekategoriane vert det skilt mellom fire ulike "modes".

 

  • Mode 1 vanleg kabel utan noko form for styringsboks. Gjeld i hovudsak eldre el-bilar.
  • Mode 2 ladekabel har styringsboks og kan brukast med vanlege stikkontaktar (Schuko).
  • Mode 3 fastmontert ladeboks med enten fastmontert leidning eller leidning ein tek av  til bilen. Vær merksam på at det fins tre ulike utgåver av ladekontaktar for Mode 3 (type 1, type 2 og Tesla).
  • Mode 4 hurtiglading med likestrøm (DC). Ladaren sitt i ladepunktet og el-bilens ladesystem    kommuniserer med ladaren om tilkopling og ladestatus. Ladepluggen låsast automatisk fast, slik at det ikkje er mogleg å trekka ut pluggen medan lading føregår. Dette er svært viktig då det her ladar med store straumar, noko som kan føra til livsfarlige lysbogar dersom pluggen fjernast under ladinga. Også her finnes det ulike kontaktar og ladestandardar.

 

Lading med vanlege kontaktar

Dei fleste el-bileigarar ladar sine bilar heime på vanlege stikkontaktar (Schuko-kontaktar) på 10 og 16A-kursar. Eldre elektriske anlegg er vanlegvis ikkje prosjektert og bygde for å handtera lading av el-bilar.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) seier at maksimal kontinuerleg last for ein vanleg stikkontakt ikkje bør stiga over 10 ampere. Ved lading drar ein støpselet ut og sett det inn att fleire gonger i løpet av eit døgn. Dette kan føra til at fjørene inne i kontakten vert slitte og slakke. Dette kan igjen føra til at det vert varmgong som ledar til brannfare. Ladinga skjer i tillegg ofte utandørs og då er også påverknad av klimatiske forhold ein viktig faktor.

Veggboks løyser problem

Med ladeboks på veggen heime unngår du mange problem. Skal du kjøpe el-bil bør du derfor samstundes kjøpa og få montert ein slik ladeboks. Då får bilen effektiv og sikker lading der den skal stå.

Ei anna løysing om ein ynskjer å lada med meir enn 10A, er å få en installatør til å montera ein industrikontakt som er designa for varig høg last. Å basere el-billadinga på en vilkårleg hushaldskontakt kan væra ei veldig dårleg løysing.

Vektavlasting for kontrollboks

Ei ladeleidning med kontrollboks kan vege 2-3 kilo. Ein vanleg stikkontakt tåler ein vektbelastning på cirka 0,5 kilo. Sørg derfor for avlasting for vekta i form av en krok eller ei hylle. Elles kan du risikere at tyngda på ladeleidningen gjer at klemmene inne i kontakten ikkje klemmer godt nok rundt pinnane. Høg kontinuerleg effekt og dårleg kontakt vil skape varmgong og må ein unngå.

Anbefalar 3-fase for lading av el-bil

Fleire el-biler er bygde for å handtera AC-lading med 3-fase. Bømlo Kraftnett AS vil derfor anbefala at det nyttast 3-fase lading over 20A. For 3-fase-anlegg vil skeivspenningsproblematikk verta unngått, og ein kan lada med opptil 1,7 gonger høgare effekt per ampere. NB! Merk at fleire bilmodellar ikkje taklar trefase lading

Bruk rett ladeutstyr

Bruk berre originalt utstyr tilpassa din bil når du skal lada. Overgangar (adaptere) for å auka ladehastigheten må ikkje nyttast. Dei fjernar sikkerheitsfunksjonane og fører til stor risiko for varmgong og brann. Vær veldig forsiktig med bruk av skøytekabel. Dersom du må nytta skøytekabel, må ikkje ladestraumen væra over 10A og ladinga må overvakast ved å kjenne på om det vert temperaturauke i kabel eller kontaktar.

Lading på fellesanlegg/i burettslag

Dersom du ikkje har eigen parkeringsplass med ladeutstyr, og må parkera på eit fellesanlegg, er det sjølvsagt viktig å sjekke om det er tillate å lada el-bil der. Det er ikkje sikkert at straumkursane på parkeringsplassane er dimensjonert for lading av el-bilar. Det kan komme krav om montering av eigen straummåler for måling av forbruk etc. Undersøk i ditt eige burettslag eller sameige kva for reglar eller praksis som gjeld for lading av el-bil.