Restriksjonane varierer avhengig av kva slags bygg/plass (hus, garasje, terrasse, lager etc.) og type strømførande anlegg det dreier seg om. Slike anlegg kan til dømes være linjer som går i lufta, kablar som ligg i bakken eller nettstasjonar.

Reglane og restriksjonane for minsteavstand til elektriske anlegg skal ivareta tryggleiken til personar som arbeider på bygga eller køyrer på vegen og skal hindre at ein ved eit uhell eller i tankeløysa kjem innanfor farleg avstand til elektriske anlegg. Før du går i gang med ein byggeprosess, er det altså viktig at du sjekker og får avklart kva for avstandskrav som gjeld akkurat der du skal byggje.

På den måten unngår du å bli stilt økonomisk ansvarleg om straumførande anlegg eller at bygning må flyttast eller rivast som følgje av byggearbeidet du har gjennomført

Me har laga eit dokument som fortel om nokre av dei vanlegaste problemstillingane du kan møte når det gjeld desse avstandskrava, blant anna:

Avstand frå høgspentlinjer til viktige bygningar (buhus), lagerplassar osv.

Avstand frå høgspentlinjer til mindre viktige bygningar som garasjar, uthus osv.

Avstand frå lågspentlinjer (230 / 400 volt)

Avstand frå høgspent- og lågspentkablar i bakken.

Avstand over vegar, parkeringsplassar og skogsvegar

Merk at desse avtandane er til for å unngå at nokon vert skada som følgje av straumgjennomgang eller store økonomiske forpliktingar som følgje av skade på elektriske anlegg.

Ta kontakt med Bømlo Kraftnett AS på e-post: firmapost@bomlo-kraftnett.no for avklaring av dine spørsmål. Det er betre å spørje ein gang for mykje enn å måtte endre i ettertid. Me ynskjer å vera løysingsorienterte, men kan ikkje gå på akkord med sikkerheita og avstandskrav.

 

Sjå heile dokumentet om avstandskrav her (PDF, 849KB)