Årsmøte
Finnås Kraftlag SA har årsmøte ein gong i året, tradisjonelt i mai månad.
Årsmøte vert avhalde i ulike deler av kommunen.
Alle årsmøte vert kunngjort i lokalavisa samt her på nettsidene våre. Medlemer får personleg innkalling til årsmøte i brevsform i posten. Innkallinga inneheld sakliste og fullmaktsskjema.
Årsmøtet skal velja eit styre med seks medlemer, av desse ein styreleiar. Begge kjønn skal vera representerte. Styreleiaren blir vald for eitt år om gongen, styremedlemmene for to år. Dei tilsette vel sin representant, og Bømlo kommune peikar ut sin observatør til styret.
Fullstendige sakspapirer finn du på nettsida vår, eller du kan få dei tilsendte dersom du tek kontakt med oss på tlf 53 42 89 00. Du kan også hente dei her på kontoret hos oss i Hollundsdalen 1.