Kunden får tilsendt varsel om kontroll i god tid før sjølve tilsynet skal utførast. Kontrollen startar oftast ved inntaket, går vidare til sikringsskapet og dernest føl kursene fram til tilkopla apparat og utstyr. Det er ønskjeleg at kunden tar del under kontrollen slik at DLE undervegs kan påvisa evt feil og kva som er grunnen til at kunden må foreta utbetring. I tillegg er det viktig at DLE kan gi generell informerasjon om el-tryggleik.

Kontrollen tar for seg:

1. Inntaksboksen med kontroll av
   - korrekte sikringar og sjekk av evt varmgang

2. Sikringsskapet med kontroll av m.a.
   - evt isolasjonsfeil (jordfeil)
   - merking av sikringar
   - rette sikringar på rett kurs
   - sikring kan betjenast uten at ein får straumgjennomgang
   - jording
   - evt varmgang
   -evt lause koplingar / manglande tilskruing

3. Punkt med krav om jording
   - Sjekk at jord og ujorda installasjon ikkje er blanda
   - Rett festing av kablar og leidningar
   - Brytarar og stikkontaktar; ingen skade eller varmgang

4. Tilkopla utstyr med kontroll av:
   - Varmeomnar – ingen tildekking
   - Utstyr skal ikkje vera tilkopla med skøyteledning

Etter kontrollen:

  • Munnleg oppsummering etter tilsynet
  • Skriftleg rapport vert sendt kunden. Dersom det ikkje er feil eller manglar vert saka avslutta.
  • Ved feil/manglar inneheld rapporten: Varsel om vedtak og frist for utbetring. Kunden må få godkjend elektroinstallatør til å utbetra feil og manglar, og elektroinstallatør sendar signert rapport til DLE – som så vurderar rettingsarbeidet og rapporten kan då evt godkjennast.
  • Føl ikkje kunden fristen vert det fatta eit nytt vedtak om utbetring med ny frist. Dersom heller ikkje dette vedtaket vert følgd opp, sendar DLE ut purring. Vert ikkje purringa følgd opp, kan anlegget verta stengd og saka oversend til Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB) for vurdering av tvangsmulkt med heimel i lov av 24. mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, § 13.

Meir informasjon finn du på elsikkerhetsportalen.no:

logo elsikkerhetsportalen