Spør først – grav etterpå

Gravar og dumper

 

Finnås Kraftlag Nett

Tlf  53428930

E-post: nett@finnas-kraftlag.no

 
Eller besøk oss:
Hollundsdalen 1
5430 Bremnes

 

Skal du grava, må det leverast gravemelding. Skjema finn du her >>> (DOC, 45KB)

Ta kontakt med oss på e-post, tlf eller kom innom til kontoret vårt i Hollundsdalen.

høgspenning - livsfare

Om ein kjem i kontakt med kraftlinjer, eller kappar jordkablar med anleggsmaskinar eller anna utstyr, medfører dette livsfare. Dette gjeld både for høgspentanlegg og lågspent!

Brot på straumkablar og linjer kan få store konsekvensar. Menneske, dyr og utstyr kan koma til skade, og verksemder og privatpersonar vert påførte praktiske vanskar og økonomiske tap. Finnås Kraftlag vert påført avbrotskostnadar av varierande storleik, i tillegg til utgifter til feilsøk og reparasjon .

Når Finnås Kraftlag Nett blir varsla om eit arbeid, vil me gjera ei vurdering i samråd med utførande entreprenør. Kraftlaget vil identifisera farar, bestemma kva tryggingstiltak som må settast i verk, og orientera om kva prosedyrar som må fylgjast, dersom eit uhell skulle inntreffa.  Normalt dekker Finnås Kraftlag Nett kostnadane med dette.

Varsling skal gjerast til Finnås Kraftlag Nett på telefon 53 42 89 30, helst innan tre dagar før arbeidet skal settast i verk.

 Dersom Finnås Kraftlag Nett ikkje blir varsla om arbeidet, vil utførande verta erstatningspliktig for skader som vert påført dei elektriske anlegga, og avbrotskostnadar. Dersom det er grunnlag for å meina at ein skade har skjedd på bakgrunn av ei aktlaus handling under utføring av eit arbeid, vil dette og vera gunnlag for å krevja utgifter dekka.