Årsmøte 2023
Finnås Kraftlag SA held årsmøte onsdag 24.05.2023 kl. 18.00 på Moster Skule, Mosterhamn
Registrering av stemmer frå kl. 17:00 til 17:50. Oppmøte etter kl.17:50 gir ikkje stemmerett.
Saksdokumenta vert lagt ut til gjennomsyn på Kraftlaget sitt kontor og på heimesida frå 16. mai 2023. Medlemmer kan få tilsendt saksdokumenta dersom ein ber om det.
Alle medlemmer vil få link til innkalling og sakliste tilsendt via SMS og i brev. For å lette registreringsarbeidet må brevet eller SMS med strekkode visast fram ved registrering. Ynskjer du å gje frå deg fullmakt til andre må du fylla ut og signere på fullmaktskjema.
Før den formelle delen av årsmøte startar vil prosjektleiar Nina Ingvaldsen presenterer funna i rapporten «prosjekt infrastruktur på Bømlo». Industrietablering i Norge og på Bømlo kan bli vanskeleg på grunn av mangel på kraft og nett. Finnås Kraftlag har kartlagt kva behov næringslivet på Bømlo har framover. Rapporten peikar på utfordringar knytt til auka forbruk og moglege tiltak ein kan jobbe vidare med.
Desse sakene ligg føre:
SAK 1. GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE
SAK 2. GODKJENNING AV MØTEBOK FRÅ ÅRSMØTE 11. MAI 2022
SAK 3. GODKJENNING AV MØTEBOK FRÅ EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE 3. NOVEMBER 2022
SAK 4. VAL AV TO PERSONAR TIL Å SKRIVA UNDER MØTEBOK OG VAL AV TO VALOBSERVATØR
SAK 5. GODKJENNE ÅRSMELDING FOR 2022
SAK 6. GODKJENNE RESULTATREKNESKAP OG BALANSE FOR 2022
SAK 7. GJERA VEDTAK OM DISPONERING AV OVERSKOT
SAK 8. FASTSETJA GODTGJERSLE TIL STYRET OG VALNEMDA
SAK 9. ENDRING AV GODTGJERSLE TIL STYRET OG VALNEMND
SAK 10. FASTSETJA GODTGJERSLE TIL REVISOR
SAK 11. VELJA REVISOR
SAK 12. VELJA STYRE OG STYRELEIAR
SAK 13. VELJA VALNEMND ETTER FORSLAG FRÅ STYRET
Innkalling og sakliste finn du HER (PDF, 465KB)