PRESSEMELDING

Bømlo Kraftnett AS gir rabatt på nettleiga for å kompensere for dei høge kraftprisane.

Dei svært høge kraftprisane marknaden no påfører kundane våre vert krevjande for mange. Som lokalt selskap rår me ikkje over straumprisane og sjølv om årsakene til den kraftige auken er grundig forklart i media hjelper dette lite for alle som får stor auke i kostnadane. Me går no inn i den kaldaste delen av året då forbruket vårt er høgast.

Styret i Bømlo Kraftnett AS set av 6 millionar til strakstiltak

Bømlo Kraftnett er nettleverandør og er strengt regulert av styresmaktene når nettleiga vert fastsett. Me kjenner sterkt på oss at det no vil vera rett å midlertidig redusera inntektene våre ved å gi alle kundar ein rabatt på om lag 8 øre/kWh inkl. mva.
Dette er eit strakstiltak som i denne omgang gjeld dei seks første månadane av 2022. Saman med kjøpsutbyttet på 12 millionar frå morselskapet Finnås Kraftlag SA, håpar me med dette å dempe verknadane noko i denne spesielle situasjonen. Rabatten utgjer totalt 7,5 millionar inkludert moms.

Bømlo Kraftnett AS står for bygging og drift av straumnettet på Bømlo, unnateke Brandasund . Det er og Bømlo Kraftnett  som overfører straumen fram til kundane, og som må dekke tapet i overføringsleidningane. Som følgje av dei høge straumprisane vert og kostnaden for tapet i nettet større. Denne kostnaden vidarefører me no heller ikkje til kundane.

Frå nyttår vert det innført ny tariffmodell i Norge. Modellen legg opp til at den einskilde forbrukar kan spare kostnader ved  å fordele straumforbruket jamt gjennom døgeret.

 

Styret i Bømlo Kraftnett AS vonar vårt bidrag kan gjera vinteren noko enklare for våre kundar.

Me nyttar og høve til å ynskje alle våre kundar ei God Jul og Godt Nytt År.

 

Ved spørsmål ta kontakt:

Adm.dir. Tor Bjarne Smedsrud: e-post tbs@finnas-kraftlag.no, mob: 908 72 257

Styreleiar, Torleiv Fylkesnes       Mob: 913 80 730

 

Styret i Bømlo Kraftnett AS

Torleiv Fylkesnes, Anne Beth Njærheim, Eli Furnes, Johnny Rolfsnes, Ove Grønås, Signe Lund Jansen, Vermund Hjelland.