Montørar arbeidar i stolpe

Det betyr at Finnås Kraftlag SA overdreg nettverksemda i selskapet til det nystifta dotterselskapet Bømlo Kraftnett AS. Anna konkurranseutsett aktivitet, slik som kraftomsetting og breiband, blir overdrege til dotterselskapet Finnås Kraftlag AS. Kraftlaget vil fortsetja å eiga og kontrollera verksemdene gjennom sitt heileigde eigarskap i kvart av dotterselskapa.


Konsernstruktur

- Endringane i Finnås Kraftlag er nødvendige for å innfri krava som er komne i lovverket, seier elverksjef Nils Gunnar Gloppen. Kravet om selskapsmessig skilje trer først i kraft frå 01.01.2021. Kraftlaget har etablert konsern frå 01.januar 2020 og vil nytta året som kjem til å få på plass alle endringar. Endringane kjem til uttrykk utover i det nye året. Det vil vera merking av bilar og arbeidsklede, oppdatering av nettsider og annan kommunikasjon ut til kundar og marknad.

Endringane i Finnås Kraftlag er nødvendige for å innfri nye krav i energiloven 

- Du som kunde vil merka lite til endringane. Me vil utføre dei same oppgåvene, med dei same tilsette. Du når oss på same telefonnummer og finn oss på same adresse som før, men nokon av oss vil få ny logo på ryggen. Det siste er også eit myndigheitskrav. 

For leverandørane våre blir det litt endringar i forhold til fakturering. Les meir (PDF, 262KB)