Kakediagrammet nedanfor viser kor stor del av nettleiga som går til Finnås Kraftlag, og kor stor del som går til avgifter og overliggande nett.

Diagram over tariffar 2018

PRIVATKUNDAR
Kundegruppe privatTariffFastprisEnergipris øre/kwhMerknad
Vegljos og liknandeH1604 kwh/år51,73
Hushald, fritidshus, naust m.m.H43 125,-47,87Maks hovudsikr. 80A
Mindre anlegg (forbruk < 1000 kWh)H51 200,-240Maks hovudsikr. 25A

 

NÆRINGSKUNDAR
Kundegruppe næringTariffFastprisEnergiprisEffekt vinter kr/kw/mndEffekt sommar kr/kw/mndMerknad
Næringskundar med effektmålingT310 800,-12,007456>100 kw
Næringskundar med effektmålingT310 800,-12,005637100-200 kw
Næringskundar med effektmålingT310 800,-12,003313<200 kw
Næringskundar utan effektmålingT43 300,-23,69Maks h.sikr. 125A/230V
Næringskundar utan effektmålingT43 300,-23,6980A/400V

 

For alle tariffar:

Finnås Kraftlag tilbyr tidsdifferensierte tariffar med bindingstid på heile år (12 mnd). 

Avgifter:

Forskrift om innbetaling av påslag på nettariffen til Energifondet, vert endra frå 01.01.2013. For hushaldsforbruk skal påslaget utgjere 1 øre/kWh. For andre sluttbrukarar enn hushald skal påslaget utgjera 800 kr/år per målepunkt-ID.  Avgifta på 800 kr er innarbeid i fastleddet på tariffen. Forbruksavgifta vert auka til 16,58 øre/kwh eks mva. Meirverdiavgifta er 25%. 

Oppmøte- / opningsgebyr ved betalingsmisleghald

Dersom anlegg vert kopla frå pga betalingsmisleghald, må kunden dekke dei reelle kostnadene med stenginga (oppmøte-/opningsgebyr) avgrensa opp til kr 1500,- i normal arbeidstid, og kr 2500,-utanom normal arbeidstid.

Rett til å krevje utbetaling ved svært langvarige avbrot :

Som kunde har du rett til å krevje utbetaling ved svært langvarige avbrot, jfr § 9A-2 i kontrollforskrifta.

Svært langvarige avbrot er definert som avbrot som varer i meir enn 12 timar, og storleiken på beløpet er:
a)    Kr 600 for avbrot til og med 24 timar,
b)    Kr 1.400 for avbrot over 24 timar og til og med 48 timar
c)    Kr 2.700 for avbrot over 48 timar til  og med 72 timar.

For avbrot ut over 72 timar skal ein gje eit tillegg på kr 1.300 for kvar nye påbegynt 24-timars periode som avbrotet varer.