Dei nye målarane monterast no fortløpande, og mange har allereie hatt besøk av våre dyktige fagfolk. Sidan oppstarten av målarbyta i starten av desember har me til no montert i underkant av 3000 målarar. 

Første målar montert

Familien Mæland som var den første kunden som fekk installert ny automatisk straummålar. Dette måtte me sjølvsagt markere med kake.

Montørane blir godt mottekne ute hos kundane, og me ser at dei nye målarane fungerar veldig godt.

I perioden for montering vil omlag 95% av dei nye målarane kommunisere inn til oss frå det tidspunktet dei er kopla opp. For dei målarane som me ikkje har kommunikasjon med, vil me be om at kunden sender inn målarstanden ved månadsskiftet på SMS. Etter at montasjen er ferdig og alle målarane er oppmontert vil me ha kommunikasjon med alle!

Innan april månad reknar ein at storparten av kundane våre har fått montert den nye målaren.

Me håpar de fortset å ta godt imot montørane som kjem til dykk!

Finn meir informasjon om dei nye målarane i artikkelen "Ny automatisk straummålar" 
Så også meir her: AMS