Kundeundersøking om ny automatisk straummålar
Stor takk til alle som har svart på kundeundersøkinga om den nye automatiske straummålaren. Og ikkje minst – tusen takk for tilliten!
Me er no halvvegs i prosjektet og har montert 4000 nye straummålarar. Etter litt tøff omtale i media er det ekstra gledeleg å sjå at kundane våre har gitt oss svært god kundeskår. Me gjennomførte ei kundeundersøking før me starta målarprosjektet, og ny måling halvvegs i prosjektet viser at kundeskåren har auka frå 77 til 80, som er rekna å vera svært godt resultat. Dette tolkar me som eit signal om at kundar flest er nøgd med den nye målaren.
Det vart sendt ut om lag 2000 e-postar til kundar som har fått montert den nye målaren og heile 636 personar har tatt seg tid til å svara. Mange har gitt oss verdifulle tilbakemeldingar – og me har fått både ris og ros.
Det er peika på fleire område der me kan bli betre. Me lover å lesa nøye gjennom alle tilbakemeldingar og ta lærdom slik at me kan gjera ein best mulig jobb i fortsettinga.