Gerd Turid Røksund og Silje Alvsvåg i samtale

Engasjerte: Gerd Turid Røksund og Silje Alvsvåg i samtale om det frivillige arbeidet dei er engasjerte i på Salem bedehus på Moster.

Silje hadde drive småsong på det gamle bedehuset og dei brukte å vera rundt 15 barn på øvingane. Då dei starta opp på det nybygde bedehuset i 2012 møtte det 69 barn! Det vart mobilisert for å få på plass leiarar og aktivitetar for alle barna som ville vera med. På det meste har det vore over 150 barn på «Myldredagen» som dei kallar møteplassen, og på det jamne møter 80 barn til middag, aktivitetar og andakt. I løpet av eit semester er over 60 vaksne involvert som leiarar – kva har ført til den store veksten i bedehuslivet på Moster?

Store visjonar fekk økonomisk støtte

Visjonen om å byggja nytt bedehus på Moster kom då det gamle bedehuset trong å opprusta kjøkkenfasilitetane. Men mange tenkte større, og drøymde om eit bedehus nær skule og idrettsplass. Innsamlinga kom i gong og ivrige mostringar hadde samla inn over 1,5 million før vedtaket om bygging kom på plass. I tillegg til dette kom det klare signal frå Finnås Kraftlag om ei støtte på 7% av prosjektsummen, som på den tida var rekna til 17 millionar kroner.

Avgjerande støtte

Han som var formann i byggjenemnda, Vermund Hjelland, seier støtta frå Finnås Kraftlag var avgjerande for at dei kunne setja raskt i gong med bygginga. Det at støtta vart utbetalt tidleg i prosessen, var med å gjera at dei klarte å byggja heile huset utan dyrt byggjelån – noko som sparte mostringane for om lag ein halv million kroner i kapitalkostnadar.

Dugnadsinnsatsen i byggeperioden var formidabel, og dugnadsverdien er berekna til om lag fire millionar kroner. På det meste stilte 70 vaksne på laurdagsdugnadane som i ein lang periode var kvar veke. Mange av dei som begynte å engasjera seg hadde tidlegare ikkje vore aktive på bedehuset.

Lågare terskel og høgt aktivitetsnivå

– Terskelen er blitt lågare og aktivitetsnivået blitt høgare, seier Gerd Turid Røksund, den nye leiaren av Myldredag, som er eit av mange aktivitetstilbod på bedehuset. – Huset er i bruk av mange fleire, her er konsertar og samlingar for alle aldrar og heile familien. Ja, huset har blitt viktig for heile bygda.

Som eit godt eksempel trekk ho fram HalloVenn som er eit alternativt Halloween-opplegg. Då er det mellom 300 og 400 ungar på bedehuset som samlast til kjekke aktivitetar. Også Moster Idrettslag støttar opp om bedehuset sitt familiearbeid, ved å ikkje leggja fotballkampar på same tid som myldredagen er.

myldre dag Salem

Kryr av aktivitet: Det nye bedehuset på Moster er ivrig i bruk av barn, unge, ungdommar, vaksne og eldre – her er det leik og moro på sommaravsluttinga til Myldredagen.

Pensjonistar flytta til Moster

– Me blei varmt tekne imot og inkluderte frå første stund me kom hit, seier Arne Borgemyr. Han og kona kom flyttande til Moster etter at dei var blitt pensjonistar og seier at Salem er ein god plass å høyre til for alle generasjonar. Han begynnar å ramse opp ulike samlingar: – Her er søndagsmøter kvar søndag, med omtrent 130 frammøtte, me har søndagsskule, «Vi-over-60»-samlingar, Damenes og Herrens aften, bibelgrupper, samlingar for unge vaksne, eit blomstrande ungdomsarbeid og det blir arrangert konsertar.

– Tenk at alt dette vert drive berre på frivillig basis! utbryt tilflyttaren Arne Borgemyr

– Ja og dette aktivitetsnivået hadde vore utenkjeleg i det gamle bedehuset, avsluttar Silje Alvsvåg.

Det er inspirerande å sjå at støtta som Finnås Kraftlag gav til bygging av det nye bedehuset har bidratt til vitalisering og auke i aktivitet og oppslutnad.

barn og vaksne i aktivitet på Salem

Kryr av aktivitet: Det nye bedehuset på Moster er ivrig i bruk av barn, unge, ungdommar, vaksne og eldre – her er det leik og moro på sommaravsluttinga til Myldredagen.

 

LES MEIR PÅ VÅR SIDE OM GÅVER OG SPONSING