Arild med AMS-målaren

- Me har heile tida vært trygge på at målarane me installerer ikkje er helsefarlege, men det er godt å få dette bekrefta av uavhengige målingar, seier han.

Statens Strålevern har tidlegare vore ute og slått fast at strålinga frå dei nye smartmålarane er så låg at det ikkje er noko helsefare knytt til å få installert ein slik heime.

Statens strålevern skriv at felles for teknologiane som blir brukt er at strålinga er kortvarig, svak og ikkje helsefarleg. "Det spiller ingen rolle hvor mange ganger i døgnet strømmåleren din sender data til nettselskapet, for strålingen er fortsatt svak. Maksimal sendeeffekt for målarane er 0,5 watt. En mobiltelefon kan sende med opptil 2 watt."

Du kan lese meir på Statens Strålevern si heimeside.

Fakta om AMS:

  • Står for avanserte måle- og styringssystem.
  • Pålegg frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
  • Alle straumkundar skal ha nye målarar innan utgangen av 2018.
  • Gjer slutt på målaravlesing.
  • Gir meir nøyaktig oversikt over straumforbruket.
  • Gir snarare beskjed ved feil.

Langt under grenseverdiar

Statens strålevern varsla at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (NKOM) ville foreta målingar av strålinga frå dei nye målarane som vert sett opp over heile landet. No har NKOM levert ein rapport frå målingane, og konklusjonen er eintydig.

- Eksponeringa for elektromagnetiske felt er, som forventa, svært låg og langt under gjeldande grenseverdiar, heiter det i rapporten.

Elektromagnetiske felt er fagterminologien for det som i daglegtale omtalast som stråling.

Kort sendetid

I tillegg til eksponeringa frå elektromagnetiske felt, har også NKOM sett på kor mange sendingar målarane gjer og kor lang sendetida er.

- Antal sendingar varierar mellom type utstyr og befolkingstettleik der utstyret er plassert. Den totale sendetida i løpet av 24 timer er under 5 sekundar, kvar av sendingane varer berre i 1/50-del av et sekund. Alle målarane held seg godt innafor regelverket for tidsbruk, heiter det i rapporten.

Har undersøkt Finnås Kraftlag sin målartype

NKOM har gjort målingar på målarar frå tre ulike produsentar. Det dreier seg om produsentane Kamstrup, Aidon, og Nuri . Finnås Kraftlag sine kundar har fått montert målarar frå Nuri. Prosjektleiar for AMS i Finnås Kraftlag, Arild Rolfsnes, er glad for målingane frå NKOM, som bekreftar det Finnås Kraftlag sin leverandør Nuri har fortalt om strålinga.

Målerapporen frå NKOM

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

Halvparten av kundane har fått ny målar

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt nettselskapa frist ut året på å få på plass de nye målarane hos alle sine kundar. Så langt har 4000 av Finnås Kraftlag sine kundar fått AMS-måler.  

- Me har god framdrift og etter planen skal alle kundane våre ha fått installert ny målar før sommaren 2018.