Oversiktsbilde av Bømlo motorsport stadion

Bømlo Motorsportstadion breier seg over ei 50 mål stor tomt, er 1,7 kilometer lang og mellom 6 til 8 meter brei. Foto: Bømlo motorsportklubb.

Karl Olav Undheim, leiar i Bømlo Motorsportklubb fortel engasjert om besøket frå skulen som har avla fram fleire norgesmeistrar. Same året som motocrossbana vart opna la Toppidrettsgymnaset treningsleiren sin til Bømlo Motorsportstadion. Godorda om anlegget frå eliten i Norge var store, og dei var imponert over den store innsatsen som er lagt ned for å realisera anlegget. Og ikkje minst at eit så stort og profesjonelt anlegg er bygd i ein relativt liten kommune. Men korleis blei stadion til, og kven brukar den?

Liten gjeng  som jobba fram ein stor stadion

– Me var ein liten gjeng som reiste til Karmøy for å kjøra motocross der, seier Karl Olav Undheim. Dei etablerte Bømlo Motorsportklubb og hadde som mål å ha eit lite treningsområde her på Bømlo. Politikarane hadde vedteke ny plan for idrett og der vart det uttrykt at Bømlo ikkje hadde eit godt nok tilbod innan motorsport. Kommunen var difor kjapt på bana då klubben vart etablert og tilbydde unytta industriareal til treningsområde. Samstundes vart planar om ein større stadion jobba fram. Men ein stadion er kostbar å byggja, så korleis kunne dei få realisert planane?

Kraftlaget viktig

Arbeidet med finanisering av banen vart ein viktig jobb, og klubben jobba både opp mot statlege, kommunale og private aktørar. – Og her stod Finnås Kraftlag i ein klasse heilt for seg sjølv, seier Karl Olav. – Kraftlaget gav oss ei etableringsstøtte på kr. 800.000, noko som hadde ei enorm betydning for vår etablering. Og dei har halde fram med å støtta oss etterpå, så dei er svært viktige for vår eksistens som klubb!

Offensive medlemmer får til mykje

Med støtta frå Finnås Kraftlag kunne klubbmedlemmene jobba vidare med realiseringa av stadion. – Hadde me visst kor mykje arbeid det var...., seier Karl Olav, utan å fullføra setninga. Me anar at det var mykje dugnadsinnsats i oppbygginsfasen, men eldsjelene i klubben har ikkje mista gløden, heller tvert om.

Allereie året etter opninga av stadion vart Norgesmeisterskapen i motocross lagt til Bømlo, og klubben arrangererar Vestlandsmeisterskapen kvart år. I tilllegg inviterer dei også andre lokale motorsportklubbar til regionale konkurransar fleire gongar i halvåret. Om lag 50 personar er involvert for å drifte kvart av desse arrangementa, så det er mange dugnadstimar som blir lagt ned for å skapa inkluderade møteplassar og uforgløymelege opplevingar.

Tilpassa fritidstilbod for barn og unge

I tilknytning til motorsportklubben har dei etablert ein «Kjør for livet»-klubb. Det er eit tilbod for barn og unge som treng eit tilpassa fritidstilbod. Dei ønskjer å gje barn og unge moglegheit til å skapa si eiga framtid og motivera til positiv åtferd ved å spela på team- og meistringskjensle.

motorcross- ungdommar i aksjon

Ønskjer auka rekruttering: Bømlo Motorsportklubb har barn heilt ned i 5-årsalderen med i klubben. Dei vil ha enno fleire med seg og satsar no på auka rekruttering.  Foto: Bømlo motorsportklubb

Vil at banen blir brukt meir

– Store delar av Bømlo motorsportstadion er finansiert av samfunnet sine felles midlar, og derfor ønskjer me gjerne at den blir brukt enno meir, seier Karl Olav. Vinterstid får skuleelevane bruka banen til akebakke og ungdommar bruker den til å kjøra radiostyrte bilar. – Bli med på ei trening, så skal du få låna sykkel, og få oppleva kor kjekt dette er, oppmuntrar leiaren i Bømlo motorsportklubb til slutt.

Finnås Kraftlag vil vera til støtte for frivillig innsats og ein aktiv bidragsytar for lokal samfunnsutvikling for heile Bømlo.

LES MEIR PÅ VÅR SIDE OM GÅVER OG SPONSING

bilder frå motocross aktivitet på Våge