Endring i overbelastningsvern
Vert brukt når kunden ønskjer større eller mindre overbelastningsvern, eller endring til 3-fase. Ved auke av kapasitet kan det tilkomma anleggsbidrag for nødvendig forsterking.
OV = Overbelastningsvernet er den totale belastninga i ein installasjon. Det er dette som avgjer kor mykje effekt som kan trekkast ut av stikkleidningen. OV kan i nokre tilfelle være nødvendig å avgrensa grunna kapasiteten i låvspent-nettet.
HS = Hovudsikring som er plassert føre kvar målar.
KV = Kortslutningsvern setter ein enten i installasjon, eller føre stikkleidning i stolpe eller utvendig kabelskap.
Har ein målarnummer, kan ein søkja opp anlegget i Elsmart.