Dersom ny kunde eller auka kapasitetsbehov frå eksisterande nettkundar medfører at eksisterande nettanlegg må forsterkast blir følgjande prinsipp lagt til grunn:

  • FK nett dekker kostnad med reinvestering til opprinneleg dimensjon når teknisk levetid er utgått.
  • Kostnaden med framskunding av reinvestering av eksisterande nettanlegg inngår i grunnlaget for berekning av anleggsbidraget.
  • Teknisk restlevetid på komponentar blir normalt nytta ved fastsetjing av tid for framskundinga.
  • Det nyttast standard kalkulasjonsrente for kraftnett ved utrekninga.
  • Det blir gjort ei synfaring for å vurdera tilstanden på nettet.