Premissar for tildeling av gåver frå gåvefond

Finnås Kraftlag er eit allmennyttig samvirkelag med skiftande medlemstal og kapital. Det at føretaket er eit allmennyttig selskap vil seia at det skal vera til gagn for allmenta. I vedtektene § 2 står det at føretaket kan yta gåver til tiltak med allmennyttige føremål i konsesjonsområde.

I ”Lov om samvirkeføretak”  § 34 Gåver står det:

(1) Årsmøtet kan vedta å gi høvesgåver, og dessutan gåver til samvirkeformål eller allmennyttige formål som er rimelege utifrå formålet med gåva, stillinga til føretaket og omstenda elles. Retten til å gi gåver kan delegerast til styret eller eit anna organ.

(2) Styret kan til same formål gi gåver som har lite å seie i forhold til stillinga til føretaket.

Premissar:
•    Søknaden skal skrivast på eige skjema.
•    Utdeling ein gong pr. år med søknadsfrist  15. september.
•    Søknadsfrist skal kunngjerast i lokalblad.
•    Midlane skal fortrinnsvis gå til investeringar. 
•    Styret kan dela ut gåver utan at det er kome inn søknad. 
•    Før utbetaling av gåva, må det dokumenterast at pengane er brukt til føremålet.
•    Premissane skal evaluerast årleg.