Premissar for gåver frå tildelt av årsmøtet

Finnås Kraftlag er eit allmennyttig samvirkelag med skiftande medlemstal og kapital. Det at Kraftlaget er eit allmennyttig selskap vil seia at det skal vera til gagn for allmenta.
I vedtektene § 2 står det at Kraftlaget kan yta gåver til tiltak med allmennyttige føremål i konsesjonsområde.

I ”Lov om samvirkeføretak”  § 34 Gåver står det:

(1) Årsmøtet kan vedta å gi høvesgåver, og dessutan gåver til samvirkeformål eller allmennyttige formål som er  rimelege utifrå formålet med gåva, stillinga til føretaket og omstenda elles. Retten til å gi gåver kan delegerast til styret eller eit anna organ.
(2) Styret kan til same formål gi gåver som har lite å seie i forhold til stillinga til føretaket.

Etter praksis sett på  årsmøta, har øvste grensa for utdeling av midlar liggje på ca. 3 mill.kr. Det er naturleg at ein vurderer ut frå overskot i verksemda.  Gåva/forskoteringa skal vera allmennyttig. For at gåver til utbyggings-/rehabiliteringsprosjekt skal handsamast av årsmøte, bør utbyggingskostnaden på prosjektet vera minst kr.400.000.  For spesielle prosjekt som styret vurderer som årsmøtesak, kan totalkostnaden med prosjektet vera lågare.

Med allmennyttig føremål meiner ein:
•    Idretts- og kulturbygg/anlegg.
•    Forsamlingshus/Lagshus

Årsmøte kan kvart år setja av inntil kr. 1.200.000 til fond for allmennyttige føremål (eldre, ungdom, m.v.), som styret disponerar.

Søknadane om gåver må gjerast på utarbeidd skjema. Skjema er bygd opp på same måte som søknad om tippemidlar. (sjå vedlegg)

For alle gåvetildelingar gjeld fylgjande:
Før beløpet vert utbetalt må søkjar ha gjort formelt vedtak om bygging og den faktiske bygginga må vera komen i gang. I tillegg må det liggja føre bindande finansieringsplan med tilsegn. 50% av stønadsbeløpet vert utbetalt ved anleggstart , og resten når anleggsrekneskap er lagt fram.

Søknadsfrist 31. desember.