Strandnellik

Ein plusskunde er ein kunde som sjølv produserer straum som dekkjer heile eller deler av straumforbruket, og som leverar eit eventuelt overskot av produksjonen inn på straumnettet.

Ein plusskunde vil og ta ut straum frå nettet for å dekkje forbruket sitt, og for dette betalast ordinær nettleige:

Fastbeløp per år: 3125,- kroner. 
Forbruksavhengig ledd for straum henta ut via straumnettet: 49,41 øre/kWh 

Det forbruksavhengige leddet inneheld avgift til Enova (1 øre/kWh), forbruksavgift til staten (16,58 øre per kWh) og meirverdiavgift. Enovaavgifta for næringskundar er 800,- kroner per år per anlegg.

Eventuell overskotskraft som matast inn på nettet kjøper me til gjeldande områdepris (månadssnitt) på Nord Pool Spot. Etterkvart vil det vera plusskunden sin kraftleverandør som kjøper overskotskrafta.

Alle som leverer straum inn på vårt straumnett må betala ein innmatingstariff, men plusskundar er i motsetning til ordinære produsentar fritekne for fastleddet i innmatingstariffen. Plusskundar sin innmatingstariff består derfor berre av eit energiledd. Energileddet sin storleik avheng av den gjeldande marginaltapssatsen i straumnettet, områdeprisen og netto innmating i straumnettet, og er derfor ikkje fast. 

Straum som vert produsert til eige forbruk er ikkje avgiftsbelagt for plusskundar.

Plusskunden må ta kostnaden med eventuelt nytt målarutstyr.  Plusskunden må også ta alle kostnadane med det tekniske utstyret.

Finnås Kraftlag stiller tekniske krav til plusskundeanlegg, slik at desse anlegga ikkje skal bidra til redusert spenningskvalitet hos andre kundar.

Det er krav at plusskundeanlegg av sikkerheitsårsaker skal koplast ut automatisk ved straumstans i Finnås Kraftlag sitt distribusjonsnett, og må også bli liggjande utkopla inntil normal straumforsyning er oppretta.

Det er plusskunden sitt ansvar i samarbeid med installatør å sørgje for at anlegget tilfredsstiller dei tekniske krav som vert stilt for å kunne tilknytte produksjonsanlegg til distribusjonsnettet. Dette gjeld også for utstyr som sikrar at produksjonsanlegget vert utkopla ved straumutfall i distribusjonsnettet.