At Finnås Kraftlag sitt kontor vart lagd til Svortland (Bremnes), var ingen sjølvsagt ting i 1946.

Kart som visar kommuneinndelinga før 1963På skipingsmøtet 23.mars vart det vedteke at kraftlaget sin administrasjon (forretningskontor) skulle vera i Bremnes herad. Slik står det og i vedtektene. På det fyrste styremøtet fem dagar seinare vart det gjeve ei nærare presisering. No heiter det at kontoret skulle liggja i Bremnes, men ”mest mogleg i sentrum av distriktet”. Dette lyt ein tolka slik at ein ynskte at det skulle vera i nærleiken av Finnås. Det er øya sitt geografiske midtpunkt. Styremøta vart t.d. haldne i Melkevik ved Kuleseidkanalen (i Moster, men på grensa til Bremnes) fram til 1950. Dessutan heldt parteigarane sine årsmøte i bedehuset der heilt fram til 1957. Frå 1958 gjekk parteigarmøta på omgang i kvar kommune.

Frå 1950 flytte styret møta sine nærare Svortland. Bortsett frå eitt på Steinsvåg, vart dei haldne på Stavland. Korkje då eller seinare vart det gjort noko formelt vedtak om at laget sin administrasjon skulle halda til på ein bestemt stad. Så i desember 1951 vart det overlate til Peder Stavland (nestformann i styret) å søkja etter kontor. Ein får tru at han må ha vore den viktigaste faktoren bak avgjersla om å leggja kontoret til Svortland. I juli 1952 tok styret kontakt med Martin Stavland, og om hausten leigde dei lokale i nybygget hans på Svortland. Finnås Kraftlag var på Svortland fram til 1985 då dei flytte til Hollundsdalen.

At namnet på kraftlaget skulle vera Finnås, vart bestemt i 1946 utan noka nærare grunngjeving. Ein lyt tru at namnet var så innarbeidd som fellesnamn at det gav seg sjølv utan debatt. Det var namnet på den gamle storkommunen, på lækjardistriktet, lensmannsdisktriktet og på prestegjeldet.

Det ser og ut til at trass visse motsetnader mellom dei tre kommunane, så har samarbeidet i Finnås Kraftlag fungert godt. Fleire informantar meiner det vart lagt stor vekt på ei rettvis fordeling mellom dei. Eit døme på det er at styret skulle samansetjast i høve til folketalet i kommunane. Styret bestod av formann og fire styrerepresentantar. Av dei skulle to vera frå Bremnes og ein frå  Moster og ein frå Bømlo. Ein skulle og fordela likt då straumen vart påsett. Då ”måtte ein hoppa fram og tilbake i staden  for å byrja i ein ende og jobba suksessivt framover”, som Per Bore seier det. Eit anna døme er veglys. Nilssen la fram ein utbyggingsplan i 1961 der det var oppsett 260 veglys i Bremnes og 80 både i Moster og Bømlo. Kraftlaget skulle og sjølv avgjera rekkefylgja for utbygginga. Men kvart år fordelte dei slik at kvar kommune skulle få sin del. Dette heldt fram etter kommunesamanslåinga.

Samanslåinga førte til at spørsmålet om å endra namn vart drøfta i styret. Men det sa samrøystes nei til ei slik endring. Heller ikkje seinare har ein vunne fram med noko framlegg om namneendring.