Under fyrste verdskrigen vart Bømlo-kommunane interesserte i å skaffa seg elektrisk kraft. Viktige faktorar var velstandsauke, men og brenselmangel. Saman med Stord, Fitjar og Austevoll prøvde å skapa eit interkommunalt selskap, men det lukkast ikkje. I arbeidet med å skipa eit selskap som omfatta heile Sunnhordland var fylket ein viktig pådrivar. Men heller ikkje dette lukkast om å få til.

Den viktigaste årsaka var dei dårlege økonomiske tidene. Det var lite kapital til kraftutbygging, særleg sidan staten ikkje gav tilskot. Kraftutbygginga stoppa difor nærast opp fram til slutten av 1930-talet.

Men i Bremnes vart det bygd fleire private vasskraftdrivne elektrisitetsverk i mellomkrigstida. Under og rett etter krigen vart det og sett i drift ei rad oljedrivne kraftverk i alle dei tre kommunane.

På slutten av 1930-talet vaks interessa att, særleg då staten gjekk inn med stønad. Både Lægreid og Haldorsen la fram planar, som delvis bygde på planar frå 1919. Arbeidet med å skipa eit SKL tok til, men krigen stoppa planane førebels. Under krigen arbeidde Haldorsen og Olsen med kraftplanar og fekk med seg fleire andre industrifolk. Etter krigen var Blåfalli etter ein viss strid med NVE, vald til kraftkjelde for Sunnhordland. Samstundes arbeidde ein både for å skipa SKL og fordelingslag.

Frå arbeidet med Espeværs-kabelenFinnås Kraftlag vart skipa 23. mars 1945, og laget si 50-års soge kunne ta til.

I anleggstida var det eit tett samarbeid mellom SKL og fordelingslaga. Men dei var ikkje jamstelte partar. I praksis var SKL overordna laga. SKL leia drifta og hadde og mykje å seia m.o.t. finansiering og adminstrasjon elles. To heilt sentrale instansar var SKL sin konsulent, Jac. B. Eide og NVE. Eide var heilt uvurderleg for å få alle prosjekta gjennnomført og finansiert. NVE bestemte kven som skulle få statsstønad og skulle og godkjenna lån. Det var og NVE si oppgåve å prioritera kven som skulle ha kva av utstyr og når dei skulle få det.

Finnås Kraftlag sitt hovudarbeid dei to fyrste åra var å skaffa lokal kapital gjennom partteikning og dinest drive førebuande arbeid for linjebygging. Sjølve linjearbeidet tok til i 1948. Arbeidet var hardt, men gjekk relativt fort fram trass i mange vanskar. Problema var fyrst og fremst lang leveringstid på alt utstyr, lite utval og det var ofte av dårleg kvalitet. I tillegg var alt rasjonert. Alle vanskane førte til at arbeidet vart seinka, og Blåfalli stod ikkje ferdig før i 1953. For ikkje å stå utan straum og dermed inntekter vart det inngått ein avtale mellom SKL og BKK om leveranse av straum i åra 1952-53.

Det gamle kraftlagsbygget på SvortlandI 1952 byrja og det framtidige Finnås Kraftlag å ta form. Ein leigde kontor og kjøpte lager og det vart tilsett forretningsførar.

I 1954 vart Finnås Kraftlag ei sjølvstendig verksemd både økonomisk og driftsmessig. Tre år seinare var linjenettet ført fram til alle stader i Finnås Kraftlag sitt forsyningsområde. Etter 1957 har drifta gått framover i jamnt tempo.

Den første bilen som var brukt i Kraftlaget si teneste var ein Ford Taunus. Frå venstre: Jens Sortland, Hans Frøyland og Torvald Våge (i bilen). Foto: Ole Johan Sortland.I 1960-åra kom nytt administrasjonsbygg, Ekornsæter koplingsstasjon og radiotelefoni. Bilparken voks langsomt. Meir fart var det over talet på tilsette. Ei nyvinning var det og med eige dataanlegg. Driftstilhøva kunne vera vanskelege på 1950- og 1960-talet, men vart betre etterkvart. På ei anna side voks abonnementstalet og forbruket kraftig. Ein var klar over at heile linjenettet måtte fornyast og utvidast, og nye planar byrja ta form. Korkje private eller næringsliv var direkte avhengige av straum dei første åra. Men lys i alle rom og til alle tider skapte nærast ein revolusjon. Straumen vart stadig viktigare for alle.