For anleggsarbeidarane var linjebygging eit hardt arbeid, for omtrent alt vart gjort med handamakt. Det var lange dagar med ei arbeidsøkt på ni timar og reise til og frå bustaden. Alle, både arbeidarar og oppsynsmenn, budde på Bømlo.

Men om det var eit slit, er det ikkje noko som tyder på misnøye med tilhøva. Løna var relativt god, men det viktigaste var at dette gav folk arbeid i ei elles daud tid på året. Om vinteren dreiv svært mange sildefiske. At det var viktig, syner problema kraftlaget hadde med å skaffa nok folk om vinteren. Resten av året var det verre med arbeid. Arbeidslivet i store delar av landet var elles svært sesongbetont den gong.

Ein måtte ta til takke med det ein kunne få, fortel Karl Økland, så dei var glade for å kunna arbeida hjå Finnås Kraftlag i heile ni månader.

Nokre arbeidde og etter akkord. I 1949 kunne dei få frå 30 til 120 kroner pro stolpe alt etter stolpetype og underlag. Dette var då satsar utan boremaskin. Men etter det ein veit, fanst ikkje slikt utstyr då. Ein måtte til med feislar (slegger for mineboring) og minebor. Kvart stolpelag hadde med seg eigen smed.

For montering av t.d. hengeisolator (to-tre ledd) med bendsling på høgspentlinja var akkorden 5 kroner pro sett.

Om sjølve arbeidet og dei gleder og vanskar det førte med seg, lar me Fillip Sortland og Karl Økland fortelja.

Ikke aIle var like begeistra for arbeidet vårt, for ingen i kraftlaget spurde om lov, fortel Fillip Sortland. Ein berre grov på annan mann sin grunn. Dei vår så rasande at dei «hotta seg». Det var oss det gjekk utover i fyrste fase. Men når dei fekk forklart kva det gjekk ut på, roa gemyttane seg. Me vart no nett ikkje angripne. Men mange ganger var del like før.

Eit anna problem var striden om kven sam skulle få straum fyrst. Ein gong måtte me gå forbi ein kar fordi del mangla transformator: Han ville ikkje sleppa meg ned frå stolpen i over ein time og truga med å partera meg. Ein del ville han gje til fuglane og den andre til fiskane. Men stort sett vart me godt mottekne, i alle fall når me slo straumen på. Då fekk me eta mykje blautkake. Dei laga til eit skikkeleg måltid, og slik var det på kvar einaste gard.

For å letta på arbeidet med stolpereising nytta eg min eigen 2 HK-motor: Nilssen og Haugland hadde ikkje heilt tru på han. Fyrste gong heldt det og på å bli ein fiasko. Me fekk ikkje skikkeleg feste for motoren, for svinghjulet grov seg ned i molda og kvelte han. Men når me vart kjende med terrenget, fekk me til feste. Då var det eit eineståande hjelpemiddel. Men han var tung. Motoren vog 70 kg og svinghjulet 50 kg. Så kom fundamentet og 900 m wire i tillegg, og all måtte berast. Ein gong var eg uheldig. Motoren var festa på ei treplate med fatlar, og eg bar han på ryggen nett som ein ryggsekk. Over ei myr snubla eg, og der låg eg med nasen i veret. Eg fekk løyst fatlane og kom meg opp, men eg skal seia dei andre karane lo då dei såg meg, våt og skiten. Motoren fekk me opp, han var like god.

Tryggleiken var ikkje nett som i dag. Me var kanskje litt uforsiktige. Klatreskorne hadde t.d. reimar framme og bak, men me festa aldri bakreimane. Sette berre foten inn i reimane framme. Men noka ulukke var del ikkje på Bømlo under anleggstida. Den verste eg hugsar var då ein kar fekk klemt tommelen sin under arbeidet med sjøkabelen til Espevær.

- Eg byrja her i 1940, fortel Karl Økland. Eg og bror min var ein gjeng, og eg var bas. Då hadde eg nokre øre meir i Iøn. Me fekk timeløn, og den var bra. Kosten heldt me sjølve. Me jobba i høgspenten og berre med å setja opp traversar og isolatorar.

Det var lange arbeidsreiser: Då me jobba på Søre Bømlo, sykla me heimefrå. Me starta halv seks og sykla tre mil på grusveg. Byrja på arbeid kl. 8 og heldt på med det til kl. 5 om ettermiddagen. Og del var ikkje andre pausar en matpausane. Så sykla me attende og var heime kring kl. 7 om kvelden. Alt gjekk kvikt fordi me jobba heile tida.

Teikning laga av Oscar Jansen av arbeid frå 50 års jubileumsbokaGamleordføraren i Bømlo herad stod ein gong og såg på oss. Han hadde aldri sett nokon jobba så fort. Me arbeidde då i A-master som var 15 m høge, og det gjekk ein travers mellom dei to stolpane. Eigentleg skulle me fyrst gå ned ein stolpe og opp den andre, men det gjorde me aldri. Me berre løyste skoen og klatra over traversen. Me sleit mange kjeledressar fordi me slurte oss ned stolpane.  Å gå ned stolpen tok for lang tid.

Ein kunne ikkje vera redd for høgder. Me måtte stå i skorne og arbeida med begge hendene. Utanom skorne hadde me tau rundt livet. Det heldt sjølv om skoen losna.

Det tyngste arbeidet gjekk føre seg mellom Foldrøy og Siggjarvåg. Her var ikkje veg då. Me tok alt utstyret i ein motorbåt, la til ved næraste stolpe og lossa der. Så bar det til neste stolpe. Deretter tok me 4-5 m lange traversar og isolatorar på aksla og bar dei opp den bratte skåninga frå sjøen og til stolpen. Me brukte ein dag til å bera og ein til å setja opp.

Lønsnivå 1949-1952    
 
1949
1950
1952
Gjengbas
2,50*
2,58
3,49
Fagarbeidar
2,23
2,33
3,29
Uerfaren ungdom
1,88
-
3,19

 *) Inkl. eit basistillegg på kr. 0,27

Tala frå 1952 byggjer på lønsavtalen mellom SKL og Norges Arbeidsmannsforbund. Alle fekk då eit dyrtidstillegg på kr. 1,29 pr. time.

Kjelder: FK-arkiv. Brevordnar Hauglands korrespondanse 15.2.1949. Rundskriv 1950. Vedlegg lønsoverenskomst 1952.