Ei lang historie kort
Som nasjon var Noreg tidleg ute med å ta i bruk elektrisk kraft. Det første elektriske anlegget kom i 1877, og det første vasskraftverket som produserte og leverte straum til abonnentar starta opp i 1885. I 1900 hadde omlag 10 % av norske heimar elektrisk ljos, og talet auka til omlag 65 % rundt 1920. Den gongen var det først og fremst tal om ljos, men visjonen var å ta elektrisiteten i bruk for å byggje opp ein moderne industri.

Arbeidet med å skaffe Bømlo-kommunane elektrisk kraft starta allereie under første verdskrigen. Manglande brensle og ei forbigåande velstandsauking er nemnt som bakgrunn for dette arbeidet. Mykje på grunn av at ein gjekk inn i dårlegare økonomiske tider – og det faktum at staten ikkje gav tilskot til slik verksemd – gjorde at eit samarbeid mellom Stord, Fitjar og Austevoll om å stifte et interkommunalt selskap stranda. Heller ikkje arbeidet med å skape eit selskap som omfatta heile Sunnhordland, med fylket som ein viktig pådrivar, vart krona med hell. Nye planar om storstilt kraftutbygging stoppa nærmast opp til slutten av 1930-talet.

Små lys i mørke
Gründermentaliteten som kommunen er kjent for, viste seg tidleg også i spørsmål om elektrisitet. Ei rekkje små lysverk var i drift før, under og etter krigen. Turbinane vart drivne av vasskraft eller diesel. Det eldste kjente lysverket er M. Haldorsen & Søn Motorfabrikk som hadde dieseldrivne generatorar i drift allereie i 1906.

Sunnhordaland Kraftlag ser dagens ljos
Haldor Haldorsen, fabrikkeigar Wichmann Motorfabrikk og stortingsmann, og Ola Olsen, kontorsjef ved Wichmann Motorfabrikk

På slutten av 1930-talet vart arbeidet med kraftforsyning i stor stil teke opp att, og no var også staten med som økonomisk støttespelar. Per Lægreid, overingeniør i Hordaland fylke og Haldor Haldorsen, fabrikkeigar og stortingsmann, la fram nye planer, basert på dei som vart laga i 1919. Arbeidet med å stifte SKL tok til, men ein ny verdskrig sette brems på for vidare arbeid. Men sjølv om det gjekk sakte, stoppa det ikkje heilt opp; Haldorsen og Ola Olsen, kontorsjef ved Wichmann motorfabrikk arbeidde vidare under krigen og fekk med seg fleire andre industrifolk. Etter krigen vart Blåfalli valt til kraftkjelde for Sunnhordland, og samtidig fortsette arbeidet for å stifte SKL og fordelingslag.

Finnås Kraftlag tek utfordringa
Finnås Kraftlag vart stifta 23. mars 1946, på eit møte i det dåverande tinghuset i Melkevik. 36 menn møtte opp, og desse hadde med seg fullmakter og partsteikning på vegne av 460 andre. Dette arbeidet var ikkje gjort på ein augneblink. Året før samla ordførarane seg og la planer for vidare organisering og arbeid. Tillitsmenn vart valt for å arbeide lokalt. I juni 1945 vart det sendt ut brosjyrar til alle husstandar, og ein kunne starte med å teikne abonnentar, tinge straum, få tilsegn om løyve til å setje opp stolpar og andre praktiske ting.

På stiftingsmøtet vart selskapet grunnlagt på desse fire punkta:
1. Namnet skulle vere Finnås Kraftlag.
2. Føremålet var å skaffa straum til folket og verksemdene deira i dei tre kommunane.
3. Forretningskontoret skulle vera i Bremnes herad.
4. Kvar part skulle vera på 100 kroner.

Der det er vilje er det veg
Det er viktig å hugsa i kva for tid desse tinga hende for å forstå kvifor interessa og viljen til å få til dette var så stor. Store delar av næringsliv og infrastruktur var øydelagt eller utslite etter år med krig. Mange av dei sentrale aktørane i både SKL og Finnås Kraftlag hadde vore aktive i motstandsrørsla i krigsåra, og såg på ideen om ”å byggja landet” som ein realitet og ikkje eit tomt slagord. Dei siste åra hadde bortimot halvparten av bustadene innlagt ljos, medan elektrisk kraft ville kunne gje både ljos, oppvarming, koking, radio, drift av maskiner og så vidare. Ei ny tid stod for døra, og ein var klar for dei arbeidstaka som skulle til for å føre straumen frå Blåfalli inn i hus og driftsbygningar.