Collage som visar tilsette og aktivitetar i Kraftlaget omkring 60 års jubileet i 2006I dette heftet har me gått med lange steg gjennom historia. Me har gått forbi mange detaljar, både keisam statistikk og morosame historier. Tilgang til straum endra verkeleg rammene for industrien, og kvardagslivet til alle, og samtidig blir krava til trygg og stabil straumforsyning skjerpa.

Fram mot 1980 vart det klart at det gamle linenettet ikkje lenger var i stand til å tena Bømlo-samfunnet. Ei storstilt opprustning og utviding av kraftnettet vart starta. Med eit friskt og sterkt kraftnett var derfor Finnås Kraftlag godt rusta for utfordringane som ventar i det nye tusenåret.

Ditt eige selskap
Det er svært sannsynleg at du som les dette er ein av eigarane våre. Finnås Kraftlag har totalt omlag 18 000 partar, der kommunen eig 3 000, og private og verksemder eig resten. Kvart nybygg blir tildelt tre partar. Det er ein sjeldan situasjon: kraftlaget er ein offentleg institusjon som er eigd av private i ei demokratisk ånd. Det er nemleg slik at same kor mange andelar ein eig, så har ein ikkje meir enn tre stemmer på parteigarmøtet.

Selskapet sin eigarandel på 10 % i SKL gjev kvart år eit stort tilskot av kapital. Med god økonomi er Kraftlaget i stand til å halda låge prisar både for nettleige og kraft. Ein kan gjennomføra eit godt vedlikehald av linenettet, modernisering av anlegg, og satsing på nye investeringar, som bygging av fiberkabel, og gje tilbod til innbyggjarane på Bømlo innan breibandtenester. I tillegg er det rom for å setja av eit større beløp som blir brukt til allmennyttige føremål til lag og organisasjonar. Arven frå pionértida blir vidareført, kraftlaget ønskjer å vere ein samfunnsbyggjar i vidare forstand. Kraftlaget ser på overskotet som ein del av felleseiget til Bømlo-samfunnet. På parteigarmøtet avgjer andelseigarane korleis overskotet skal disponerast. Derfor har kraftlaget m.a. vore ein viktig bidragsytar til Kulturhuset, Bygdatunet på Langevåg, Rubbhallen og til eit betre vegnett på Bømlo.

Historia peikar framover
I 1996 gav vi ut jubileumsboka ”TIL TENESTE”, Finnås Kraftlag 1946 – 1996. I denne vil du finna detaljer og anekdotar om vår historie. Eit eige kapittel handlar om utviklinga av Bømlo-samfunnet og er vel verd å lese. Ikkje berre fordi det fortel om tida som var, men kanskje mest fordi det forklarer kvifor vi legg så stor vekt på å vere ei verksemd med samfunnsengasjement og vilje til å handle til det beste for folket. Ved å sjå det som ligg bak oss, ser vi tydelegare det som ligg framføre oss - me forstår samanhengen betre. Les meir her.

Gjere ein god jobb
Finnås Kraftlag er ein god og trygg arbeidsplass for dei tilsette. Dette er viktig for at me skal kunne vera ein god tenar for Bømlo-samfunnet. Med ein stab med lokalkunnskap, fagleg dyktigheit, og med eit sterkt engasjement for bygdene våre, er me sikre på at Bømlo er best tent med å eige sitt eige kraftlag også i framtida. Men krava til oss vil vere like strenge både frå kundar og styresmakter. Me må levera! Oppgåva er tydeleg definert: Skaffa nok energi, sørgja for ein sikker og rasjonell distribusjon, samt å gje eit breibandstilbod til parteigarane på Bømlo. Enkelt sagt: Me må driva så godt at me kan bestå som et lokalt eigd og drive selskap.

Collage som visar tilsette i Kraftlaget i arbeid ute i feltenSaman blir me sterke
Åleine kan me vanskeleg klara dei utfordringane me står ovafor i kvardagen. Gode samarbeidspartnarar er avgjerande for å lukkast. I eit tett og godt samarbeid med desse støttespelarane kan me gje deg som kunde dei beste tenestene og den beste servicen. Me ser fram til å tena bømlosamfunnet i nye 60 år.

Nils Gunnnar Gloppen
Elverksjef