Glade medlemmer

Me syns det er kjekt å få dela ut kjøpsutbytte, og for nokre kjem dette kanskje som ei overrasking? Det var årsmøtet vårt i mai som bestemte at det skulle setjast av 7,3 millionar kroner til kjøpsutbytte til medlemane.

Ein vanleg kunde som kjøper kraft, nett og breiband får om lag 2000 kroner frå kraftlaget. 

Finnås Kraftlag er eit samvirke, der medlemene våre er eigarar og mottakarar av utbyttet. Dette er ein av måtane me fører verdiar tilbake til medlemene, og det understrekar at me faktisk eig kraftlaget saman!

Løner seg å vera medlem

Me har om lag 3500 medlemmer, og alle medlemer som handla med kraftlaget i fjor får utbetalt pengar. Medlemene får kjøpsutbytte, alt etter kor mykje dei handla for. Det vil seia dei som har samla alle tenestene sine hos Finnås Kraftlag; både kraft, straum, breiband får igjen for det.

Ønskjer fleire medlemmer

- Bømlingane er trufaste kundar hos Finnås Kraftlag, og me ønskjer at enno fleire står som medlemer hos oss, seier elverksjef Nils Gunnar Gloppen. Me er eit lokalt kraftlag, står på for å yta god og nær service og med fleire medlemer viser det at me står støtt som samvirke. – Og så er det jo kjekt å få dela ut kjøpsutbytte til fleire! seier han – det er ein vinn-vinn-situasjon.

Nils Gunnar Gloppen

Jo meir du kjøper for, dess meir får du i utbytte.

Enkelt å bli medlem

For å bli medlem i Finnås kraftlag overfører du 300 kroner til kontonummer 9047.11.06649. Merk innbetalinga med namnet til den som står som kunde hos oss.  Ei gjennomsnittshushaldning får meir enn 300 kroner i kjøpsutbytte, så det er lav risiko ved å melda seg inn. Og dersom ein seinare melder seg ut, så får du dei 300 kronene i igjen.

Det er kundane våre, både personar og bedrifter, som har folkeregistrert adresse på Bømlo som kan bli medlemer. Les meir på vår side om medlemskap og meld deg inn!

Dersom du har spørsmål kan du kontakta oss på telefon 53 42 89 00, eller firmapost@finnas-kraftlag.no.

*Me takkar Bømlo Teater som gjennom eit godt sponsorsamarbeid har hjelpt oss å setja ansikt på moglege følelsar me kan tenkja oss der ute blant kundane våre på Bømlo :)