Styret fekk fornya tillit

Det vart gjennomført val av styremedlemmer og i tråd med innstillinga frå valnemnda vart Torleiv Fylkesnes, Anne-Beth Njærheim og Ove Grønås attvalde som styremedlemmer. Torleiv Fylkesnes vart også attvald som styreleiar.

Varamedlemmer vart:
1. Jorunn Jacobsen Folgerø-Holm
2. Geir Ivar Ådnanes
3. Stina Raknes Kvarven

Valnemnd

I valnemnda vart desse personane valte:
Oddgeir Alvsvåg
Jannicke Gjerdevik
Hilde Markhus vart attvalt som leiar.

 Disponering av årsoverskot

Framlagt rekneskap og årsmelding vart godkjent og årsmøtet vedtok følgjande disponering av årsresultat på kr. 34 376 575,-

Disponering av resultat
Styret føreslår at fylgjande allmennyttige gåver vert gitt:

Tildeling av gåver
 

Fornya vedtekter

I samanheng med at selskapet er organisert som eit konsern var det nødvendig å tilpasse vedtektene til den nye organiseringa. Endringane går stort sett ut på å sikre at det er årsmøtet i SA som avgjer dei viktige sakene også i dotterselskapa. Dei nye vedtektsforslaga treng 4/5 fleirtal i to påfølgande ordinære årsmøte. I dette første årsmøtet fekk forslaget 100% oppsluttning. Saka må opp til ny handsaming i neste årsmøte før det nye vedtektsforslaget vert gjeldande.

 

Takka for oppmøte

Styreleiaren avslutta møtet med å takka for eit godt oppmøte trass korona tiltaka. I år måtte medlemmane melde seg på møtet slik at me kunne tilfredsstille smittevernkrava på ein god måte. 

Referat frå årsmøtet vert lagt ut når dette er godkjent.