For mange lag, foreiningar og organisasjonar er støtta frå kraftlaget avgjerande for å få gjennomført prosjekta sine. I år har heile 117 lag og føremål fått tildelt pengar frå kraftlaget vårt, og kraftlaget er nettopp det: Vårt! Me er organisert som eit samvirke og sidan det er bømlingane som er medlemer og eigarar får me behalda verdiskapinga lokalt. 

Styreleiar Torleiv Fylkesnes

Styreleiar Torleiv Fylkesnes 

I år er har styret tildelt noko meir støtte til prosjekt retta mot pleietrengande eldre. Denne gruppa slit ofte med einsemd og har grunna Covid-19 restriksjonar opplev å bli enda meir isolert frå resten av samfunnet.

- Å kunne gi støtte til prosjekt som kan gjera kvardagen til denne gruppa meir verdig og innhaldsrik har difor blitt prioritert, seier styreleiar Torleiv Fylkesnes

Motiview til brukarane på Bømlo Bu og helsesenter

Bømlo Bu og Helsesenter er tildelt kr 120.000 til kjøp av "Motiview". Dette er ein slags ergometersykkel som er kobla til ein skjerm, der ein syklar på tur. Bebuarane vil då kunne sykle i sine gamle og kjende omgjevnader via ein skjermen. Om du er nysgjerrig på dette produktet kan de lese meir på leverandøren si heimeside: https://motitech.no/

Bømlo Demensforening - trivselstiltak 

I tillegg er Bømlo Demensforening tildelt kr 60.000 som skal nyttast til trivelsestiltak og hobbyaktivitetar for demente.

Forøvrig er det delt ut midlar til mange andre gode tiltak. Komplett liste over gåvemottakarar finn du her:

Tildeling allmennyttige gåver 2020 (PDF, 71KB)

Alle lag og organisasjonar som er tildelt midlar vil i neste veke motta brev som stadfestar tildelinga. Føresetnad for tildeling er at midlar vert brukt som omsøkt. Utbetaling vert gjort ved mottak av dokumentasjon.

Ekstraordinær Koronastøtte 

Kraftlaget har i tillegg sett av ekstra midlar til lag og organisasjonar som har måtte avlyse arrangement pga Korona-situasjonen. Søknadsfristen var 30.09.20 og tildeling av desse midlane vil vera klar i neste veke.

20 millionar kroner til Bømlo i 2020