gutter på sykkel

Mange ulike personar var med i teamet som fekk realisert den populære turløypa. Prosjektet hadde ei kostnadsramme på over fire millionar, og Finnås Kraftlag vart ein viktig partnar for prosjektgruppa.

Pengegåver og fagleg rettleiing

– Finnås Kraftlag møtte oss på ein veldig positiv måte, seier Asbjørn Mæland som var leiar for prosjektet. – Me fekk pengegåver i fleire omgongar, og me fekk god fagleg hjelp i planlegginga av lysløypa. Kraftlaget var den største bidragsytaren frå næringslivet, og det er fantastisk å ha eit solid selskap med lokal forankring og tilhøyrsle. Dette gjer at me kan få til ekstra mykje her på Bømlo. Frivillig engasjement blir verdsett av Finnås Kraftlag, og det er mogleg å gjennomføre store prosjekt med deira støtte, seier han.

– Eg er stolt over å vera kunde hos Finnås Kraftlag, og det seier eg til alle som ringer og vil selgja meg straum. Det er ingen andre som kan tilby lokal utvikling på den måten som kraftlaget vårt kan, seier han.

gutter på sykkel

Vidareutvikling av turløypa

Både idrettslag og turlag, ulike grupper og kommunen har utvikla området i og rundt løypa vidare. Det er sett opp gapahuk, «Tarzanpark» for barna, aktivitetspark, kvilebenkar, det er laga til god parkeringsplass og meir til. Dette er med å gje eit meir heilheitleg tilbod, og viser at eit enkelt prosjekt kan bidra til vidare utvikling på fleire område.

to gutter i miniatyrbiler

Er i gang med ny søknad

Asbjørn Mæland kan avsløra at han er engasjert i ei ny gruppe som jobbar for utbetring av stien opp til Siggjo. Finnås Kraftlag har allereie støtta forprosjektet med ein mindre sum, og han har forventningar til at kraftlaget blir med som bidragsytar når det skal byggast sherpa­trapper på veg opp mot Sunnhordlands finaste utsiktspunkt.

SØK OM GÅVER OG SPONSING - FRIST 15. SEPTEMBER

Gode og varierte lokalsamfunn på Bømlo

– Me er glade for at støtta me gir til almennyttige formål på Bømlo bidreg til gode og varierte lokalsamfunn, seier Nils Gunnar Gloppen. Han er elverksjef i Finnås Kraftlag og er oppteken av at me har gode oppvekst- og bumiljø i heile kommunen vår.

Delar av overskotet frå kraftlaget går til å støtta det store engasjementet til bømlingane. Både forsamlingshus, motorsportstadion, idrettslag, korps, friluftsliv, interesse­organisasjonar, velforeiningar og mykje anna.

Engasjement smittar og skapar gode lokalsamfunn med driftige folk i vakker natur.

Gutta på tur i Stangervåg

Gutta på tur har gjort mykje bra arbeid for turløypene på Bømlo. Her ser du gjengen på tur i Stangervågløypa. Foto: Kåre Meling